Thomas Mardal , GFIL (19) fekk 50.000 kroner i Furorestipend

Postet av Gloppen Friidrettslag den 23. Okt 2016

STIPEND: Thomas Mardal (19) frå Gloppen fekk 50.000 kroner i stipend frå Furorestipendet til Sparebanken Sogn og Fjordane. Nils Ove Roset, leiar i Gloppen friidrettslag, delte ut prisen laurdag under middagen på treningssamlinga i Gloppen.

Thomas Mardal frå Gloppen er kort og greitt ein av landets mest spanande kastarar.


Foto:O.M.Mardal


Sandane: Laurdag fekk friidrettsutøvaren frå Gloppen Thomas Mardal utdelt 50.000 kroner i stipend frå Furorestipendet som Sparebanken Sogn og Fjordane har.

- Det er rett og slett fordi han har etablert seg i toppsjiktet i både norske og nordiske meisterskap som junior, og har sanka medaljar i alle sine øvelsar diskos, slegge og kule, heiter det i grunngjevinga frå juryen.

I Jr. NM i sommar tok han jamvel gull i både diskos og slegge – og sølv i kule. At han i tillegg tok U20 krinsrekorden på 100m. vitnar om ein seriøs og hardtarbeidande idrettsutøvar som det blir svært spanande å følgje i åra framover.

Furorestipendet blir delt ut til talent i eller frå Sogn og Fjordane i alderen 15-30 år innanfor tre kategoriar: kultur, idrett og open klasse. Storleiken på stipenda vil variere frå 25 000,- til 100 000,-.

Fagjuryen er samansatt av personar med brei røynsle innan idrett, kultur og næringsutvikling frå fylket.

Gloppen Fil har hatt ein prat med Thomas etter utdelinga i går kveld, han er sjølvsagt utruleg glad for tildelinga og har reflektert litt over framtida.

Mine mål på friidrettsbana framover er først å kvalifisere meg til u23 EM i Polen neste år. Deretter siktar eg fram mot u23 EM i 2019 der eg har en drøm om å kvalifisere meg i både slegge, diskos og kule. Nasjonalt har eg eit mål om å kunne ta min første senior-nm medalje i løpet av dei komande åra, kanskje aller helst på Byrkjelo i 2018! Den store draumen må være å kvalifisere seg til eit senior EM eller VM i framtida. I dei komande åra skal eg satse meir på slegge enn eg har gjort fram til no. Sjølv om eg ikkje har valgt ein spesifikk øvelse å satse 100% på, har eg ein tanke om hvilken øvelse eg kan nå lengst i.

Eg planlegger å starte vidare studier neste år, og slik som det ser ut no er sannsynligheten stor for at eg havner i Florida for å studere. Eg har ikkje per dags dato valgt kva eg vil studere, men det å kunne kombinere idrettssatsing og studier slik dei gjer i USA verkar veldig spennande! Men det blir rart å reise vekk frå det treningsmiljøet eg har vokst opp i her i Gloppen. Eg har fått enormt god oppfølging her heime i alle åra eg har holdt på med idrett. Etter mine 3 år på firda VGS på idrettslinja valde eg å ta eit friår med fokus på jobb og trening. Men framtida ser lys ut, og det blir spennande å sjå kor langt det er mogleg å nå!

Vi er alle veldig glade for tildelinga. Det gjev nye muligheter og gjere det enklare å bruke tid på idretten framover. Heile idrettsmiljøet ynskjer lukke til vidare med treningsarbeidet !




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.