Gledeleg veke for idretten i Gloppen - Idrettsplassen med i rådmannen sine prioriteringar.

Postet av Gloppen Friidrettslag den 1. Nov 2019

Bildet er frå lagsmeisterskap i 2007. Det er lenge sidan bana har vore brukt no. Vi gledar oss til å ta anlegget i bruk igjen.


Onsdag ettermiddag denne veka la Rådmannen fram sitt forslag til langtidsbudsjett for Gloppen for perioden 2020-2023 og Idrettsplassen var tilgodesett med midlar til fullføring av prosjektet i 2021. Det var utruleg gledeleg og ein lettelse å lese.  Vi gjekk inn  i arkivet og fann første møtet om prosjektet tilbake i november 2015. Etter det har det eigentleg berre vore velstand og velvilje heile vegen, alle har sett at dette kan ein berre ikkje hoppe over. Med over 700 elevar , Idrettslinje, alle klubbane rundt fjorden og tettast befolka området i kommunen så kunne ein ikkje greie seg lenger uten ein idrettsplass.  Det faktum at alle er samde og at no kommunen er klare for prosjektet gjev arbeidsgruppa ein super vitamininnsprøyting til å gå i gang med det vidare arbeidet. Idretten i Gloppen og prosjektet har også fått mykje støtte frå kommunane rundt oss . Dette sete vi stor pris på og takkar for bidraga som har sett idretten i Gloppen i eit endå betre lys.

Dette blir det nye parkområdet i sentrum ! Her blir det plass til organisert og uorganisert aktivitet, aktiv toppidrett og trim, rekreasjonsområdet for vaksne og unge, arena for leik og aktivitet i friminutt og gode gymtimar i skuletida for tre skular ! Trivselshagen får utnytta sitt potensiale der hall og uteanlegg gjev anledning til å lage gode konspet for gjennomføring av samlingar.  Så må vi ikkje gløyme den flotte promenaden langs elva som binde skuleområdet i hop med sentrum.  

For friidretten er dette anlegget heilt avgjerande. Idretten er klare til å yte – no må berre politikarane sette to strek under .

God helg !

Sportsleg helsing

Gloppen FIL



Gloppenkalenderen 2020 er i trykken !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 29. Okt 2019

Flotte bilder frå heile kommunen. Dagfinn har vore bildesjef i år også. Eit flott produkt som laurdag 2 nov er i salg på Sporten. 



Idrettsplassen - støttebrev frå klubbar i Indre Nordfjord

Postet av Gloppen Friidrettslag den 29. Okt 2019

Gloppen kommune v/ordførar

 

Sak : Opprusting av idrettsplassen på Sandane.

 

Vi er kjende med dei planane ei eiga prosjektgruppe har lagt fram når det gjeld  opprusting av m.a. friidrettsanlegget på Sandane. Klubbane i Indre Nordfjord vil herved støtte desse planane fullt ut og i dette brevet peike på kor viktig ei snarleg realisering av desse planane er ikkje berre for Gloppen, men for heile friidrettsmiljøet i Nordfjord og i Sogn og Fjordane.

Dei svært aktive klubbane i nærområdet ; Sandane, Fjellhug/Vereide, Brodd og overbygningsklubben GFIL treng eit treningsanlegg og eit anlegg for «mindre» konkurransar i friidrett. Like ved anlegget har vi dessutan barneskule, ungdomsskule og Firda vidaregåande skule. Firda har idrettline der friidretten er ein sentral satsingsidrett. Anlegget ligg derfor midt i smørauget og vil ved modernisering kunne få ein veldig høg bruksfrekvens. Opprusting er derfor svært viktig både for rekruttering og for vidareutvikling av utøvarar.

Friidretten i Gloppen har vore og er eit fyrtårn for heile Sogn og Fjordane. Olden, Stryn og Vikane har eit nært samarbeid med GFIL og heile friidrettsmiljøet i kommuna. Vi har gjennom fleire år sendt våre utøvarar på treningar på Byrkjelo, på Sandane og på Loggane og har nytt godt av den store friidrettskompetansen som finst i Gloppen. Våre utøvarar har og fått lov å delta på treningssamlingar i utlandet organiserte av GFIL. Eg vil seie det så sterkt at utan den kompetansen som finst i Gloppen  og utan den samarbeidsviljen leiarar og trenarar i kommuna har vist, hadde vi ikkje nådd dei topp nasjonale og til dels internasjonale resultata vi no kan vise til

For alle som arbeider med friidrett er tenlege anlegg i nærområdet heilt sentralt. I idrettslaga i Gloppen finst det leiarar og trenarar som har stått på i veldig mange år, og som nemnt har desse vore flinke til å samarbeide med og dele kunnskapen sin med oss som representerer små lag og ikkje alltid har den kompetansen som trengst for å utvikle utøvarar til eit høgt nivå. Vi forstår veldig godt den frustrasjonen som breiar seg når Sandane pr. i dag ikkje har dei treningsfasilitetane utandørs som er nødvendige for å halde ved like og vidareutvikle friidretten i Gloppen.

Vi «inn i fjorda» håpar derfor at Gloppen kommune set av midlar til prosjektet i den kommunale økonomiplanen som etter det vi forstår skal vedtakast no i haust. Det fortenar verkeleg det gode, framtidsretta og samarbeidsviljuge friidrettsmijøet i Gloppen.

 

Mvh

Hans-Petter Galtung                               Leiv Arne Egset                             Jarle Lødemel

(trenar friidrett i Olden IL)                      (leiar i Olden IL)                            (leiar av friidrettsgr. og

                                                                                                                              trenar i Stryn T&IL)



Friidrettens haustmøte med brev til Gloppen Kommune

Postet av Gloppen Friidrettslag den 27. Okt 2019

Friidretten i Gloppen er svært takknemlege for den unisone støtta prosjektet får frå alle vi er i kontakt med. Det viser at dette betyr mykje å få på plass. Friidretten har tapt ein generasjon med utøvarar pga dette anlegget sitt forfall. Det seie seg sjølv at friidretten døyr vekk når alle skulane frå barneskule via ungdomskule til Vgs ikkje får mulighet til å lære seg friidrett. Ingen idrettsdagar i skuletida, ingen gymtimar og ingen organiserte friidrettstreningar av idrettslaga på fritida i eit slikt skulesenter og kommunesenter. For å dra paralellar til Fana stadion. Der har dei treningsgrupper på anlegget heile vinteren med alt frå unge til eldre som har organiserte løpsgrupper som bidrar både til aktiv idrett og folkehelse. Godt flomlys, fast dekke og gode trenarar gjere dette muleg. Vi har forsømt oss i mange år, men no drar vi ilag alle i Gloppen. Då er det håp om framdrift. 

Til

Gloppen kommune og

Politikarane i Gloppen kommunestyre

Sogn og Fjordane Friidrettskrins si haustsamling på Sandane laurdag 26. oktober 2019 oppmodar sterkt Gloppen kommune, i samarbeid med idrettslaga i Gloppen, å få fortgang i arbeidet med å få oppgradert Idrettsplassen på Sandane til eit anlegg som kan nyttast til friidrett.

Tilhøva for friidrett for born, ungdom og vaksne rundt Gloppefjorden, samt for barne-, ungdoms- og vidaregåande skule, er svært uhaldbare. Treningstilhøve på friidrettsbane er fråverande.  Gloppen er tradisjonelt ein av dei fremste friidrettskommunane i Sogn og Fjordane, og dette må ikkje skuslast bort. Slik banestoda har vore dei siste 10-15 åra, kan ein trygt seie at like mange årgangar har vorte tapt for friidretten, spesielt i løp og hopp.  Rekrutteringa er så å seie borte pga av mangel på eit teneleg anlegg.

Alle som her har skrive under vil hevde at Sandane/Gloppen er eit svært viktig geografisk område for friidretten i fylket, og difor må ha ein arena for trening og enkle konkurransar for born og ungdom. 

Friidrettsleiarane ber difor innstendig om at Gloppen Kommune tek inn finansiering av nye Idrettsplassen i budsjett og økonomiplanar no.   Arbeid med Idrettsplassen må vi få start på i 2020.

Sandane, 26. oktober 2019

Hans Petter Galtung, leiar Olden il                        Jørund Årdal, trenar GFIL og Il Brodd 

Knut Olav Førde, trenar Jølster Il                           Nils Ove Roset, leiar og trenar GFIL        

Olav Holvik,  GFIL                                                  Jan Otto Aae, trenar GFIL

Reidar Moldestad, leiar og trenar BBIL                  Anne Merete Kleppenes, trenar BBIL 

Stig Svalheim, leiar og trenar STIL                        Heidi Solheim, STIL  

Ragnhild Fjærestad, leiar og trenar i Vik Il             Dagfinn Nyhammer, leiar og trenar Fjellhug/Vereide Il

Linda Øvregard Røhme, leiar og trenar Bjørn il     Randi Norberg, Bjørn il



Idrettsplassen - tid for handling

Postet av Gloppen Friidrettslag den 19. Okt 2019


Innspel om å prioritere opprusting av Idrettsplassen på Økonomiplanen for 2020 – 23

GFIL har tidlegare skrive om planane som er lagt for ei opprusting av Idrettsplassen, med nytt friidrettsanlegg og kunstgrasbane. Alle er samde om at det må gjerast noko med Idrettsplassen, men førebels har det blitt med snakk og planar. I det daglege ser vi Idrettsplassen ligg der i elendig forfatning, men der det er lagt eit flott grunnlag med elveførebygging og drenering langs elva. Vi har prata med prosjektleiaren for opprusting av Idrettsplassen Stig Svalheim, som også er leiar i STIL si friidrettsgruppe, for å få ei oppdatering av kor prosjektet no ligg an. 

- Vi har store forventningar til at det vert sett av midlar til ei opprusting av Idrettsplassen i den kommunale økonomiplanen som skal vedtakast no i haust. Det er Gloppen kommune som eig Idrettsplassen, og som må gjere vedtak om at dei no vil prioritere eit slikt prosjekt. Fleire av dei politiske partia ga si tilslutning til prosjektet i valkampen, og vi reknar med at det no vert fulgt opp med handling og pengar i budsjettet.

- Kva beløp er det snakk om? Kostnadsestimatet for full opprusting er på 13,5 mill kr. Vi legg opp til ei tredeling mellom kommune, spelemidlar og bidrag frå idretten inkludert sponsormidlar, gåver og dugnadsinnsats. For kommunen sin del er det altså snakk om 4,5 mill kr.

- Kan du seie litt meir om innhaldet i planane? Planen er ein friidrettsdel med fire løpebaner rundt og seks felt på oppløpssida, ein halvmåne for lengde, høgde og kunststoffdekke. Eit sentralt element for friidretten er å legge undervarme i ei av rundløpebanene., og her har Mardal rør og Henden Elektro utarbeidd eit forslag til teknisk løysing med vassbåren varme. Vi har også inne ei vassgrav på utsida av løpebana opp mot Firda, for å kunne trene for hinderløp. Og ikkje minst flomlys. Lys er også ein føresetnad for å få spelemidlar for ny kunstgrasbane. Planen er å bygge ei kunstgrasbane med fulle mål og med beste tilgjengelege og funksjonelle miljøløysing. I halvmånen opp mot Firda er det planlagd nærmiljøanlegg for eigenorganisert aktivitet for born og ungdom, mellom anna parkor, treningsapparat og ei trampoline.  Det er også planlagt ei enkel tribune på langsida. 

- Når tid kan dette flotte anlegget stå ferdig? Vi har ein ambisjon om å få sendt søknader om spelemidlar i januar, og då kan vi starte bygginga i løpet av 2020 og ha anlegget klart i 2021. Men dette er ambisiøst og krev at kommunestyret set av tilstrekkeleg med midlar i budsjettet no i haust.

- Kva skjer dersom kommunestyret ikkje finn midlar for Idrettsplassen i haust? Då går nok lufta ut av prosjektgruppa. Vi har jobba med dette i over eit år, og har skapt ei brei samling av ulike aktørar som alle vil ha fram prosjektet og er villig til å legge ned stor dugnadsinnsats for å få det til. Spesielt STIL fotball har mange kompetente folk som har bygd anlegg tidlegare, så vi håpar og trur at kommunen ser verdien av å støtte dette initiativet no i haust. Eit vektig argument er også at Firda vgs er tydeleg på kor viktig ei snarleg opprusting av Idrettsplassen er for å styrke og vidare utivkle deira tilbod som studiestad i Vestland.  

Fantastisk kjekt og lovande, GFIL føl saka tett og ønskjer prosjektgruppa lukke til i arbeidet med å få realisert eit etterlengta anlegg i kommunesenteret.

 



Klubbkveld 1 oktober 2019 klokka 1830 i Stilstova

Postet av Gloppen Friidrettslag den 24. Sep 2019

Vi inviterer til klubbkveld i Stilstova neste tysdag den 1 oktober klokka 1830. Sesongen 2019 er over og det er kort tid til vi skal starte med vintertreninga, difor er det fint å møtes både for å høyre kva utøvarane/trenarane og andre interesserte ynskjer av tilbod og kanskje ikkje minst; kva kan den enkelte bidra med for å fremje friidretten. 

Nokre tema kjem klubben til å presentere. Treningsleiren i april er eitt tema. Kva forventar utøvarane og kva forventar klubben. Så blir det litt om klubbsamarbeidet i kommunen som vi alle er så avhengige av. Gfil har eit sterkt ynskje om at klubbane utarbeider felles retningslinjer for kva utøvarar skal dekke sjølve og kva moderklubbane skal dekke. GFIL organiserer mange turar gjennom ein sommarsesong og legger ut store summar for utøvarar som deltek aldersbestemt for moderklubbane. Skal vi ha eit fellesskap og tilhøyrighet føler vi at GFIL er nøydde til å gjere det slik. Vi driv også langtidsplanlegging ved å bestille overnatting eitt år i førevegen så alle kan bu på same stad.  Om friidretten skal ha ein sjanse må vi ha gode miljø og vere ilag. Kun slik blir friidretten sterk. Det kostar å reise og det kostar å overnatte. 

Vi tar sikte på at vi får levert Pizza frå hotellet. Håpar mange tar seg tida til ein fin kveld med lokalfriidrett i fokus sjølv om det er VM i Doha. Vi setter lett opp en storskjerm når vi ete :)



Desverre ingen EM deltagelse for Thomas Mardal

Postet av Gloppen Friidrettslag den 9. Jul 2019

Thomas Mardal var tatt ut i den norske troppen som skulle til EM U23 i Gãvle i Sverige 11-14 juli. Dessverre har Thomas en skade som gjorde det uråd å delta i meisterskapen. Vi håpar at han kjem sterkt tilbake ved neste høve.



Thomas med ny pers og 4.plass i Nationals!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 6. Jun 2019

(Foto: Alex De La Osa, Floridagators.com)

Onsdag ettermiddag deltok Thomas Mardal i sin siste college-konkurranse for sesongen, under Nationals i Austin/Texas. Dei 24 beste sleggekastarane frå heile USA var med. Thomas åpna med dødt, før han fekk opp eit kast på 71.74m. I 4.omgang kasta han 71.57, før han i 5.omgang kasta heile 73.10m, som heldt til ein sterk 4.plass, og samstundes var ny pers og krinsrekord! 

Nivået var som venta svært høgt i år, men konkurransen vart jamnare enn kanskje venta. Thomas var berre 21 cm bak 3.plassen (som har årsbeste på ca 75.5m), og vinnaren kasta 74.63m. 

Thomas har to år att som collegeutøvar, av dei 9 finalistane var heile 7 sisteårsutøvarar. Thomas har vist ei unik evne til å prestere når det gjeld, med pers i alle dei viktige konkurransane (Conferencefinale, Nationals (begge åra), Nordisk i fjor sommar og EMU23 sesongen før det igjen).

Thomas kjem heim neste veke, og skal førebu seg til viktige konkurransar i sommar, ikkje minst EM U23 i midten av Juli.



Sparebankleikane like om hjørnet !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 12. Mai 2019


Velkomen til Byrkjelo stadion helga 25. og 26. Mai, då er det Sparebankleikane på gang. Denne gongen med ny vri då Hornindal har stemne laurdag på dagtid. Vi har tilpassa tidspunkt og øvingar utifrå dette og startar laurdagen klokka 16 🤗 Vi gler oss på ny til å ønskje velkomen. Som siste øving søndag avviklar vi 1000 stafett om nokon ynskjer å prøve dette. Viktig at ein tenker langsiktig på dette. GFIL har no ein god gjeng med yngre jenter som neste år kjem opp i jr. alder og dei er klare for å delta på JrNm i 2020 . Difor må vi allereie no starte treninga på dette. 5000m menn vert også arrangert på slutten av søndagen. /Nor



Sponsortreff på Bakar Jon 18 juni

Postet av Gloppen Friidrettslag den 12. Mai 2019

Tysdag 18 juni kl 1800 inviterer GFIL til Sponsortreff. Vi starter på Byrkjelo stadion og forflyttar oss etter kvart inn på Bakar Jon i sentrum. Bakar Jon er ein del av Coop og Coop Extra er ein av våre to Generalsponsorar. Sparebanken Sogn og Fjordane er den andre generalsponsoren. Dette blir ein kveld der vi vil sette fokus på litt idrettspolitikk i kommunen. Ordføraren er invitert og han vil få muligheten til å tale kommunen sin plan inn i framtida. Det er naturlegvis snakk om anlegg og tilrettelegging. Gfil skal presenterer seg og fortelja kva eit friidrettsår inneheld og kva utfordringar vi har.  Ein slik kveld vil vi sjølvsagt mimre tilbake på alle åra med Trude Raad i sleggeringen. Vi skal sjølvsagt gjere ekstra stas på ho. Det blir veldig kjekt. Så er alle våre utøvarar på plass, samt trenarar og leiarar. Thomas Mardal er kome heim på sommarferie og skal førebus eg til EMU23. Det blir ein kveld der dei aktive og alle som jobbar for dei aktive kan møtast over ein god kvelds med lokalmat frå Bakar Jon. Velkomne !



Thomas med pers og seier i SE.Conference 9 mai

Postet av Gloppen Friidrettslag den 10. Mai 2019



Torsdag kveld vann Thomas Mardal slegge under South Eastern Conference i Arkansas. Med resultatet 73.00 kunne han notere ny pers og krinsrekord!

Han starta konkurransen fint, med 70.54 i 1.omgang. Før siste omgang låg han på 3.plass, men i sitt siste kast fekk han skikkeleg drag på slegga, og kunne sjå at han med dette kastet passerte begge dei to framfor deg på lista. Å vinne ein conferece-finale heng høgt, og det vart viktige poeng til Gators i jakta på lagtrofeet. Når han i tillegg kunne ta "skalpen" på Denzel Comenentia, som leiar statistikken i USA med 76.80 (over VM-kravet), kan ein godt seie at han var "best når det gjeld"!

(bilde henta frå FloridaGators.com)

4 menn over 70m i finalen viser at nivået i år er svært høgt. Om 14 dagar er det Regionals, der dei 24 beste i austdelen av USA møtast for å kjempe om 12 plassar til Nationals (kun tre kast, rein kvalifiseringskonkurranse..). Nationals går av stabelen i Texas om ein månad.

(bilde frå insta-konto til SFFIK)

Thomas vender så nasa heimover til sommarferie i Gloppen. Men det blir ein ferie der viktige mesterskap sår for døra, med U23-EM i midten av juli og NM på Hamar i byrjinga av august. 

Vi gledar oss til fortsettelsen!



Stabilt GFIL styre - godt overskot i 2018 og utfordringar på anleggsida.

Postet av Gloppen Friidrettslag den 20. Mar 2019

ÅRSMØTE 12 MARS - KOMPLETT ÅRSMELDING 2018 FINN DE VED Å KLIKKE DOKKE INN PÅ "ÅRSMELDING"

Gfil hadde årsmøte 12 mars i SFE sine lokaler i Bukta. 25 møtte fram både aktive, leiarar og trenarar. Alle moderklubbane var representerte. Dei fleste leiarane i friidrettsgruppene var på plass og elles dei viktigaste ressurspersonane i friidretten i kommunen. Leiar valde dette året å gå forholdsvis raskt gjennom årsmeldinga då denne lett kan vere lektyre for kvar og ein. Viktigare å heller diskutere utvikling av anlegg og rekruttering. Idrettsplassen er i godt gjenge og der vil komme eit topp treningsanlegg innan eit par år. Haldningane og interessa for dette anlegget har no snudd og er no formidabel positiv. STIL har gjort ein enormt god jobb her med å fremje arbeidet med bana. Vi har her vore med på å framsnakke dette viktige anlegget og få det på dagsorden. Det er uhyre viktig for idretten. Les om dette i årsmeldinga side 14-18 samt dei siste sidene. Vi gjekk så gjennom side 41-46 , status på Trivselshallen og friidretten sin plass der. Her bad Årsmøte om at laget sende ein uttale til IKS, Dagleg leiar, styreleiar og dagleg leiar Trivselshagen der brevet frå januar 2017 (referert i årsmeldinga både i 2017 og 2018) vart lagt til grunn. Dette vil bli gjort så snart råd er. Vi må her luke vekk det negative og få orden på treningstilhøva. Idretten veit korleis ein skal bli betre utøvarar, det er å ha mist mogleg negative faktorar og bli betre på det ein er dårleg i. Enkelt, men likevel vanskeleg for mange. Slik er det med idrett og anlegg også. Mange gode forslag til å heve det sportslege og få fleire med i friidretten. Spesielt kjekt var det at mange av forslaga kom frå den yngre garde. Kjekt med positive og framoverlente leiarar og trenarar. Heile styret tok attval og satsa på like god støtte også i 2019. Olav gjekk gjennom eit rekneskap i pluss, revidert og godkjent. Svært detaljert og grundig utført av Olav. Jon R og Jørund hadde gjennomgang av den sportslege delen på veteran og senior/juniorsida. Valet vart gjennomført av leiar i valnemda, Jon R Hauge.  De finne den komplette årsmeldinga ved å klikke på fana i headingen på nettsida. Bildet er frå ei god trening på Loggane tysdag 19 mars. 



Holmenkollstafett 2019 - Gfil juniorlag herrar- treningslaurdag 23 februar.

Postet av Gloppen Friidrettslag den 22. Jan 2019

Gloppen FIL – Holmenkollstafetten 2019
 Herrer junior (15-22)

GFIL stiller i år lag i juniorklassa for herrer. Moderlaga har vore i sving og sjekka blant sine unge lovande. Vi har fått over 20 navn på blokka, ei fin blanding av utøvarar frå friidrett, ski, handball og fotball. 

Vi inviterer til fellestrening laurdag 23 februar(siste helga i vinterferien) klokka 1200. Alle møter i Firdahallen med utekle og starter økta med ein felles langtur som vi deler inn i to grupper alt etter kor langt ein ynskjer å springe. Etterpå har vi felles basisøkt inne. 

Vi avslutter med lagmøte og pizza på Gloppen Hotell ca 1430.
 
Dei som ikkje rekk treninga må kome på lagmøtetJ

Velkomne til start på stafettsesongen !

For ytterlegare info kontakt oss på 41415380 eller niovero@online.no




Årsmøte GFIL tysdag 12 mars kl 1900 i SFE kantina i Bukta.

Postet av Gloppen Friidrettslag den 20. Jan 2019

Gloppen Fil avviklar årsmøte tysdag den 12 mars klokka 1900 i SFE kantina i Bukta. Vanlege årsmøtesaker. Saker ein vil ha behandla av årsmøte må vere styret i hende seinast 14 dagar før.