Gloptimisten - juleavisa er like om hjørnet !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 28. Nov 2020

Det er alltid like kjekt å melde at ny avis er i anmarsj ! Redaksjonen er stolte av årets julenummer, som innhelde alt frå den årlege statestikken, fagstoff om idrettsskade, lagsnytt, Steinars Hjørne, flotte intervju og statusrapportar. OG vi profilerer sjølvsagt godt våre gode samarbeidspartnarar ! Juleavisa har alltid mest fokus på den lokale stoda og helst ein god slump med litt historie frå farne tider. Slik er det også i år, gled dokke til mykje god lesnad. GFIL vil takke alle dei flinke bidragsytarane og at friidrettsfamilien står så samla som den gjere.



Treningstidene hausten 2020 er klare !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 11. Okt 2020

Ved å klikke på "treningstider" på menyen finn du oppdaterte treningstider frå komande veke !



Flott friidrettskveld på Byrkjelo

Postet av Gloppen Friidrettslag den 31. Jul 2020

Både været og resultata varma på Byrkjelo i går kveld, god deltaking og mange pesonlege rekordar. Naturleg nok var krinsrekorden i slegge til Thomas Mardal høgdepunktet, 74,28 viser at Thomas er på veg mot topp internasjonalt seniornivå. Det er ny banerekord på Byrkjelo, 1 cm lenger enn Eivind Henriksen kasta under NM 2018. Samtidig smatt også Thomas forbi Eivind på den norske 2020-statistikken. Sleggekonkurransen gav fleire persar og flotte resultat: Evald Osnes Devik viste at NM-formen er på veg med 63,94, ca. 1,5 m frå pers. Persar vart det både på Håkon Hjelle Roset med 54,70 og Leif Magnus Grov Husevåg(15 år) med 56,75. Vi noterte også solid pers på Henrikke Antonsen(17 år) frå Dimna med 50,63. 

Jon Rolf Skamo Hope kan meir enn å gå langrenn, han leverte ein flott 3000 m på 8.39,03, pers med ca. 9 sek. Tidegare denne månaden sletta han den nest eldste lagsrekorden i GFIL med 31.45,34 på 10.000 m i Førde. Olav Holvik sprang på 31.50,9 i 1991. 

Mathias Reksten Dale støytte seniorkula heile 14,02, stekt resultat av ein 17-åring. For ein gongs skuld vart det ikkje pers på Steffen Melheim, men 54,86 med 1,75 kg diskos er uansett eit supert resultat. I desse 17-åringane har vi også to kastarar med internasjonalt potensial.

Gledeleg at løpsinteressa er på veg oppover i fylket. Her har vi Eivind Øygard som viser veg, han stiller som "hare" og gjer ein flott jobb for dei yngre som er på veg opp





GFIL i sommarmodus

Postet av Gloppen Friidrettslag den 18. Jun 2020

Utøvarar og trenarar samla seg til stortrening på Byrkjelo i flott sommarveir. Vi holder trykket oppe og ser fram til småstevner i tida fram til mesterskapa. Vil også nytte høve til å takke for støtta sjølv om det har vore trange tider for idretten i nokre månader. :)



TAKK FOR 22 ÅR I STYRET, OLE BENT

Postet av Gloppen Friidrettslag den 11. Mar 2020

I går kveld, tysdag 10. mars avvikla GFIL årsmøte på SFE kantina i Bukta. 27 personar møtte fram og fekk framlagt ei fyldig årsmelding, og eit rekneskap i pluss. Vi er stolte av at klubben vår har hatt eit stabilt styre i mange år. Det har synt seg som svært viktig med slik stabilitet for å sikre god oppfølging av både utøvarar og sponsorar. Ein av dei mest trufaste styremedlemmene vart i går takka av etter 22 samanhengande år i GFIL styret. Ole-Bent Søreide starta sin GFIL karriere i 1998 som økonomileiar, med hovedansvar for å bygge opp eit solid økonomisk fundament for trygg og god drift til det beste for Gloppen sine beste friidrettsutøvarar. Dette styrevervet hadde han heilt fram til 2012. Frå 2012 til 2020 har han vore styremedlem med ansvar for fornying av gjeldande avtaler saman med dei andre i økonomigruppa. Ole-Bent viste veg for ein ny måte å tilnærme seg sponsorane på, og vi har alle lært mykje av hans måte å selge friidretten inn i markedet. Frå fleire hald har vi i mange år fått gode tilbakemeldingar på kontakten vi har opp mot våre samarbeidspartnarar. Å bygge eit solid økonomisk fundament er alltid eit spørsmål om gjensidig tillit mellom klubb og sponsor, nært og personleg forhold er også avgjerande. Slike relasjoner er kun muleg gjennom stabilitet. Ole-Bent har i høgste grad bidratt til stabilitet. GFIL er han stor takk skuldig, og vi mistenker at han har hatt det kjekt sidan han har helde på så lenge. 

Takk for laget Ole-Bent.

PS: Klubben har fortsatt stor stabilitet ved at det kun var Ole Bent Søreide og Robert Andre Moldestad som ikkje tok gjenvalg. Robert Andre er i militæret og av den grunn overlet han sitt verv til Mathias Reksten Dale (aktives representant). Linda Van Hulst kom inn i styret etter Ole Bent Søreide. Velkomne inn i styret !



Vellukka klubbkveld i STIL stova - GFIL sertifisert som Rent Idrettslag

Postet av Gloppen Friidrettslag den 5. Feb 2020

Tysdag 4 februar hadde Gloppen Fil klubbkveld i Stilstova med over 30 frammøtte aktive, foreldre, trenarar og leiarar. Antidoping Norge sitt Rent Idrettslag program var hovedtema for kvelden. Det vart arbeidd i grupper med ulike tema og problemstillinger innanfor antidopingarbeidet, gruppesvara  vart gjennomgått i plenum til slutt. Gloppen Fil kjem i tida framover til å synleggjere at vi driv aktivt forebyggande antidopingarbeid. Første tiltaket  som skal gjennomførast er at samtlege aktive utøvarar som trenar i våre treningsgrupper f.o.m 15 år  skal gjennomføre Ren Utøver programmet.  Veldig kjekt å bli sertifisert som Rent Idrettslag(varer i 2 år så skal vi gjennom ny runde)

Vi gjekk så gjennom all informasjon om treningsleiren i Portugal og Gloppen Hotell leverte supergod Pizza til kveldsmat.  Ein fin kveld. 



Årsmøte tysdag 10 mars kl 1900

Postet av Gloppen Friidrettslag den 2. Feb 2020

GFIL skal ha årsmøte tysdag 10 mars klokka 1900 i SFE kantina i Bukta. Vanlege årsmøtesaker. Om nokon skal fremje saker må vi ha dette i hende innan 1 mars.

Bildet er frå JrNm 2019 i Sigdal :)



Godt nyttår !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 1. Jan 2020

I juleferien har klubben vore i arbeid både på Coop Extra og her hjå Retura Nomil. Våre sponsorar er avgjerande for kva vi kan tilby våre aktive, difor er det svært viktig for oss å gje tilbake så mykje vi kan på fleire felt.


Eit flott friidrettsår er over og eit nytt står like snart for døra. Allreie komande helg er jr.landslaget i Kast samla på TIS. Der møter 17 år gamle Matias Reksten Dale og skal innleie sesongen 2020 med ein kulekonkurranse fredag  i Rudhallen i Bærum. 

Kort oppsummert var 2019 eit aktivt år på alle hold, utviklingsmessig eit stor steg i rett retning. Det har utan tvil vore eit sakn å ikkje ha Thomas i aksjon, men då var vi heldige å ha Evald i betre form enn nokon gong. Gratulerer nok ein gong med Nm sølvet Evald! No er Thomas tilbake i trening og det blir spennande kva både han, Evald og dei andre, både juniorar og seniorar kan få til i 2020.  Nokre lukkast medan andre må lege skader, det er slikt som gjere idretten fasinerande. JrNm 2019 var det svakaste i Gfil historien og bar preg av at friidretten ikkje greier å få unge aktive inn på friidrettsarenaen. Vi har sett utviklinga lenge, og har lagt mykje i det langsiktig arbeidet mot  betre treningsvilkår.

 

No har ikkje kommunesenteret hatt tilfredstillande uteanlegg i 12-15 år , som i praksis har ført til at svært få har fått opplæring eller stimulering til friidretten der det bur mest folk. Som trenarar har vi kjempa knallhardt for å halde på miljø og nivå med eit berettiga håp om å få til framtidsretta treningsarenaer både inne og ute. Det må aldri vere tvil i nokon miljø at vi jobbar målretta med saker for å løfte friidretten. Alle veit at Byrkjelo Stadion ligg der som eit smykke i den lyse årstida, men vi vert ikkje betre idrettsutøvarar å berre trene på sommaren.  Utan heilårs kastanlegg på Loggane hadde friidretten i Gloppen vore heilt uttørka resultatmessig, men vi har også eit inderleg ynskje om å få fram både løparar og hopparar. Difor er kvalitet på anlegg og tilgang til anlegg når ein har behov heile året  avgjerande, det er Loggane eit synleg bevis for. 

 

No har vi til de grader endeleg lukkast med å få vedteke ny Idrettsplass, det betyr alt for framtida for friidretten at dette heilårs uteanlegget kjem i 2021. Det har vore jobba langsiktig med dette sidan etter JrNM 2015 på Byrkjelo. Det har vore ei sann glede å samarbeide med positive og framtidsretta idrettsleiarar, og etterkvart også skuleleiarar og kommuneleiing. Spesielt kjekt at så mange unge foreldre vil vere med å hjelpe til i prosjektet.  Eit grunnleggande ynskje om å tilrettelegge for aktivitet ligg i botnen med alle som er involvert, så vil vi i tida framover gjere prosjektet godt kjent hjå alle i heile kommunen. 

 

Vi har også jobba langsiktig sidan 2016 med å få betre innandørs treningsforhold i Trivselshallen utan å lukkast. Tida vil vise om ny organisering gjev mulighet for påvirkning i positiv retning. Alt tar uansett tid, og det er då særdeleg viktig at der alltid er einkvan som held tråden og aldri gjev opp. I friidretten har vi mange slike og alle fortener ei stor takk. Takk også til alle som støttar oss år etter år, utan våre trufaste sponsorar, annonsørar og andre støttespelarar kunne vi ikkje oppretthelde tilbodet vårt. Vi møter så utruleg mykje velvilje rundt om, det er slikt som gjev energi til å halde fram og gjer det meste lett å handtere. Godt nyttår.

N.O.R