Thomas klar for EM i München; sleggekvallik onsdag!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 15. Aug 2022

Thomas Mardal har fått VM-deltakinga litt på avstand, og er no klar for sitt andre store meisterskap denne sesongen. Senior-EM går denne av stabelen i den tyske storbyen München, og han skal kaste i ei av kvallik-gruppene i slegge onsdag morgon/føremiddag (09.35/10.50). Evt finale er torsdag kveld kl 20.10.

München var arrangør av sommar-OL i 1972, og det er same arena (olympiastadion) som skal huse friidrettsøvingane under EM-veka. Som sagt vert dette det andre store internasjonale meisterskapet som Thomas deltek på denne sesongen. Uttaket er basert på plassering på world ranking, og til EM er det totalt 26 utøvarar som får vere med i dei tekniske øvingane. Nålauget er blitt trongare enn før, det ser vi på antal deltakarar og ikkje minst høgare kvallik-krav (kravet til det avlyste meisterskapet i 2020 var 74.45 m..).

Thomas har fått ein god treningsperiode etter at han kom heim frå VM i USA, men har slite litt med ei stiv hofte under og etter VM. Vi håpar allikavel at han får ei positiv oppleving, og klarar å kaste opp mot årsbeste. I VM gjekk finale-plass på høge 74, vi kan vel forvente nokolunde same grense for finaledeltaking under EM. Med pers frå fjoråret på sterke 76.74m, og årsbeste frå Bislett Games på 74.81, veit vi at han har finale-lengder inne om teknikken stemmer og kroppen spelar på lag.

Du kan følgje EM på NRK sine direktesendingar, i tillegg finn du mykje informasjon på friidrett.no. 

GFIL ynskjer Thomas all lukke i meisterskapet, vi er uansett utruleg stolte av kva du har fått til!!



UM i Trondheim starta i dag!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 12. Aug 2022

UM i friidrett er i gang i Trondheim, og fleire av utøvarane frå Gloppen har vore i aktivitet. Dei fleste stiller her for moderlaga, men Nikoline Thunem stiller for Gloppen FIL. I dag var ho med i slegge i klassa j17/18, og fekk ein fin 7.plass med resultatet 35.85m. Dette er knappe 5 meter bak årsbeste.

Nikoline er inne i sin 1.sesong som GFIL-utøvar

Frå Brodd stilte to unge, raske jenter i dag på 100m. Emilie Engelbrektson (j17) kvalifiserte seg til finalen, etter 13.02 sek i forsøket, og 2.plass i heatet (+0.6). i finalen vart det ein flott 5.plass, med tida 12.96 sek (+1.2) og 0.15 sek bak årsbeste. Vinnartida i finalen var så god som 12.09 sek!

Gulisara Panyarat (j16) vart nr.6 i sitt forsøksheat med tida 13.36 sek (+0.2), 0.18 sek bak årsbeste. Med dette kom ho ikkje vidare til finalen.

STIL hadde også to utøvarar i aksjon. Tobias Fuglestrand sprang 3000m i klasse g18/19, og kom på 15.plass med tida 9.16,94 min, ca 15 sek bak årsbeste.

Mathea Svalheim debuterte i UM, og i dag hoppa ho tresteg i klasse j15. Med solid pers i 2.omgang, 10.38m, kom ho på ein flott 6.plass i konkurransen. Litt bittert at ho mangla fattige to centimeter på Jr.NM-kravet, men ho får nye sjangsar i morgon og søndag.

Mathea får ei travel helg i Trondheim, med 4 øvingar totalt.

 



Stor friidrettshelg i vente: Thomas Mardal debuterar i VM i dag!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 15. Jul 2022

I kveld kl 19.30 kastar Thomas slegge-kvalifisering i VM i Eugene, USA! Han skal kaste i pulje 2, dei 12 beste frå dei to puljene kastar finale laurdag. For å nå finalen må ein enten kaste 77.50m eller lenger (som er direktekravet) eller kome blandt dei dei 12 beste. Truleg vil 76-76.5 m vere nok til å nå finalen.

Nye Hayward Field er klar for VM, og Thomas fekk inspisere anlegget i går. Slegge blir den aller fyrste øvinga under meisterskapet, og du kan følgje VM direkte på NRK sine sendingar, som startar kl 18.00 i kveld.

Vi kan ikkje forvente at Thomas skal kunne nå ein finale, for nivået er skyhøgt. Men med ein pers på 76.74m frå same arena i fjor, vil han med eit makskast kunne snuse på plassering tett opp mot dette, og kanskje ein finale om alt klaffar. 

Kun to utøvarar frå fylket har delteke i VM tidlegare. Øystein Bjørbæk frå Førde var riktignok blitt Bodø-utøvar på den tida, men som 30-åring kvalifiserte han seg til det fyrste VM i heldingfors i 1983, der han vart nr.23 i diskos. I 1997 fekk Kjell Ove delta på VM i Athen, der han vart nr.25 i kule

Thomas kom til USA den 5., for å delta på precamp i Berkley, like utanfor San Francisco. Med 9 timar tidsforskjell trengs det litt tid for å kunne snu klokka. Her fekk dei trene godt og førebu seg til meisterskapen. Litt dramatikk vart det, då fleire i støtteapparatet fekk corona under opphaldet, men heldigvis vart det negativ prc-test på Thomas, og han fekk reise vidare til Eugene. No håpar vi han er klar til å kaste langt i kveld, vi ynskjer han all lukke under kvalifiseringa i kveld!

Her frå precamp, saman med ei knippe VM-kastarar frå dei nordiske landa.


Mathias Dale skal laurdag delta i den nordiske juniorlandskampen (U-20) i Malmø, Sverige. han skal støte kule (6kg) kl 11.45. I klassa er det to sterke finske kastarar, med årsbeste over 18m. Normalt vil Mathias kunne kjempe om ein 3.plass saman med to andre som også har pers på 17-talet. Det blir veldig spennande å sjå kva Mathias klarar, og om han evt klarar å bryte den magiske 18-meter-streken!




Thomas klar for VM i Eugene/USA!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 30. Jun 2022

Ikkje sidan Kjell Ove Hauge deltok i Athen i 1997, har nokon frå fjordfylket klart å kvalle til VM. Men i dag vart det klar: Thomas vart uteken pga rankingpoeng, og var då nr.29 (32 får delta i VM). I kveld runda Thomas av konk.perioden med 71.99m og 4.plass under Boysen Memorial på Bislett (Coninental Tour, Bronze). Det var lite trøkk i kroppen i kveld, kanskje ikkje så rart med 5 konkurransar på tre veker.

Thomas er glad for at det no blir ein tr.periode fram mot VM.

 VM går av stabelen i universitetsbyen Oregon i perioden 15.-24.juli, men Thomas reiser over til Eugene alt den 5. for å delta på precamp (viktig å aklimatisere seg, særleg mtp tidsforskjell på 9 timar). Då skal han preppe ilag med utøvarar som Eivind Henriksen, Karsten Warholm, Jakob Ingebrigtsen m.fl. Det er utruleg stort for klubben å sjå at ein av våre klarar å ta steget til å delta på den ypperste arena som er mogleg innan friidrett. No skal Thomas bruke perioden framover til VM til å legge ned eit godt tr.grunnlag slik at han kan få ein formtopp til meisterskapen. Slegge-kvalliken går alt fyrste dagen, kl 09 eller 10.30. Så det blir ikkje tid til å bli brakkesjuk før debuten i VM. GFIL gratulerer med uttaket, og skal heie på deg frå tv-stolen her heime.




NM-sølv på Thomas i tidenes sterkaste sleggekonkurranse!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 25. Jun 2022

Thomas under premieseremonien i Stjørdal sentrum i kveld

Thomas Mardal var på førehand klar sølvmedaljekandidat i slegge, og skuffa ikkje. Med resultatet 72.95m var han over 7 meter føre 3.mann, og kunne dermed innkassere sin andre sølvmedalje i slegge, den forrige på heimebane i 2018. Det var svært varmt under konkurransen, godt over 30 varmegrader, og med litt tunge bein var han ikkje heilt nøgd med resultatet. Uansett det beste sølvmedaljeresultat noko sinne, faktisk hadde det helde til gull i dei fleste mesterskapa, fram til Eivind Henriksen byrja å kaste verkeleg langt. I dag toppa Eivind heile NM med fantastiske 80.17m, som er meisterskapsrekord og gjer han til medaljekandidat i VM neste månad. Det er også ein sterk søknad til kongepokal!

Håkon Hjelle Roset hadde ein fin serie, og sistekastet målte 55.88m, mindre en meteren bak persen. Med dette kastet tok han ein flott 5.plass, som er den beste NM-plasseringa han nokon gong har hatt. Serien til Håkon var jamn, med to kast over 55m.

I morgon er det avslutningsdagen av årets NM, og vi gledar oss til å sjå Else i diskosringen, Mathias i kuleringen og Simon i spydtilløpet.



Emilie og Kristina på bana under 1.dag av NM i Stjørdal

Postet av Gloppen Friidrettslag den 24. Jun 2022

Emilie Engelbrektson sprang i dag forsøksheat på 100m, mens Kristina Thunem var med i både slegge og kule.

Heile GFIL-troppen samla utanfor hotellet i Stjørdal sentrum, oppdressa i fine, blå GFIL-jakker.


Emilie Engelbrektson var vel fjorårets komet i friidretten i Gloppen, og deltok i dag i sitt andre senior-NM, trass sin unge alder (17 år). Alt kl 11 i føremiddag small dei fyrste startskota under årets NM på Øverlands Minde stadion i Stjørdal. Emilie var plassert i 1.heat, og var i utg.punktet ikkje av dei enn forventa skulle gå vidare til semifinale. Ho hadde ein god start, og var godt med ut frå blokkene, men fekk det ikkje heilt til å klaffe utover løpet i dag. Tida 13.01 sek i -0.4 motvind var ho ikkje nøgd med, men på ein veldig varm dag (25-26 grader) og senior-løparar i banene rundt seg, skal ho allikavel vere fornøgd med måten ho løyser oppgåva på. 


Kristina Thunem er inne i sin fyrste sesong som GFIL-utøvar, og hadde begge sine to kastøvingar på programmet alt fyrste dagen av NM. I slegge har ho nok ikkje fått trena nok dette året, og dermed var teknikken ikkje så stabil som ho kunne ønske seg. 43.06 m var tre meter bak årsbeste, og 5 meter bak persen. Det heldt til ein 12.plass, og dermed berre tre kast (dei 8 beste får 6 kast).

Litt skuffa over eigen innsats, gjorde ho det klart at ho skulle revansjere seg i kuleringen nokre timar seinare. Ho hadde fin økning utover dei 3 fyrste kasta, og låg med bestestøtet på 11.54 m med den 4 kg tunge kula an til å nå finalerundene. Diverre vart ho slått med ein fattig cm av ein konkurrent i 3.omgang, og dermed måtte Kristina sjå resten av kulefinalen frå sidelinja. Det vart då ein 9.plass totalt.

I morgon er det sleggekarane sin tur, både Håkon og Thomas er klare til innsats. Det er meldt over 30 varmegrader til finalen kl 15.05, så det vert viktig å ikkje bli dehydrert. Du kan følgje meisterskapen på stream her eller sjå sendinga på NRK frå kl 16.00-18.00.



Thomas debuterte i Diamond League på Bislett!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 19. Jun 2022

Torsdag kveld var det duka for årets "happening" i norsk friidrett, Diamond League-stevnet på Bislett stadion i Oslo. Endeleg var slegge på programmet, sjølv om det ikkje er del av øvingsutvalet i DL. Ein hadde samla dei 4 beste frå OL i tillegg til VM/OL-deltakar frå Ungarn, så Thomas møtte eit knallsterkt felt. Han gjorde ein fin konkurranse, og sette årsbeste med 74.81m. Ein 6.plass gjev mange viktige rankingpoeng til kvallik for EM seinare i sommar. Thomas var veldig fornøgd sjølv, og tykte det va stas å kaste med så mykje folk på tribuna og trampeklapp i svingen før kvart kast. 

I dag var Thomas tilbake på Loggane, og kasta pene 74.22m under Loggane Open. Ikkje det same trøkket på tribuna, men vel så fine omgjevnadar.

Mathias Reksten Dale sette ein fin personleg rekord i kule (6kg) med resultatet 17.46m, ei forbetring av tidlegare pers med 12 cm. Han nærmar seg Jr.VM kravet, no e det 74 cm att.



4.plass for Thomas Mardal under Trond Mohn Games i kveld!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 8. Jun 2022

Trond Mohn Games er ein del av Continental Tour Bronze, eit invitasjonsstevne med høg status og deltaking frå mange europeiske land. I sleggekonkurransen vart det ein sterk 4.plass til Thomas, med eit lengstekast på 72.99m. Han var berre 29 cm bak 3.plassen. Vinnar vart som venta Eivind Henriksen med sterke 77.47m. Det var stort sett alle dei beste sleggekastarane frå norden som deltok, både finnar svenskar og ein islending i tillegg til dei norske. Utfrå årsbeste var Thomas ranka som 6.mann i feltet før konkurransen.

Thomas var bra nøgd med plasseringa, her med nydelege Fana Stadion i bakgrunnen i kveld.

Han hadde også eit lengre kast, over 74m, men desverre like utanfor sektor.. For 4.plassen fekk han også 300 euro i premiepengar.

Trass sjukdom siste dagane, fekk Thomas eit greit resultat. Han veit at han enno har mykje å gå på, og alt neste veke (torsdag 16.) får han ein ny sjangse under Bislett Games! For fyrste gong sidan 50-talet er slegge med i programmet, og denne gongen med ein gloppar i aksjon. Vi gledar oss!



Thomas kastar under Trond Mohn Games i morgon!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 7. Jun 2022

Trond Mohn Games på Fana stadion i Bergen er blitt det nest største stevnet i Norge (etter Bislett Games) og er ein del av Continental Tour, eit stevnetilbod frå det internasjonale friidrettsforbundet i kategori under Diamond League. Stevnet har status som Bronze (kategori C), og gjev verdifulle bonuspoeng til rankingsystemet som brukast til bl.a. kvalifisering til internasjonale meisterskap. Ei god plassering gjev bonuspoeng som leggast til resultat.

Thomas deltek i slegge kl 18.30, og det er eit sterkt felt han møter! Eivind Henriksen er nok favoritt til å vinne, etter 77.94m i år og sølvvinnar frå OL i fjor. Men det både finnar og svenskar som vil ta opp kampen, og Thomas er ein av outsidarane til plassering høgt oppe på lista. Då må han nok auke årsbeste noko, som per no er 73.41 m. Dei 6 beste får bonuspoeng i tillegg til pengepremiar.

Du kan følgje stevnet (liveresultat) via linken

, eller sjå tv-sending på NRK kl 19.30.

I går konkurrerte Håkon Hjelle Roset (22) i slegge under eit stevne i Sverige, og kasta 53.89m, noko bak årsbeste og pers på 56.59m. Han har hatt litt trøbbel med ein ankel, som nok forklarar at han denne dagan var litt bak sitt vanlege nivå.



Sterke sleggeresultat på Loggane i dag!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 21. Mai 2022

I samband med jr.landslagssamling i Gloppen denne helgja, arrangerte GFIL sleggestevne på Loggane laurdag. Thomas Mardal (GFIL) kasta sin 1.konkurranse i Norge dette året, og fekk opp pene 73.41m i 2.omgang. Han hadde også eit kast like utanfor sektor på nærmare 75 meter, så det blir nok lengre kast utover sesongen. Thomas hadde også eit kast på 72.82m. I morgon er det Loggane Open, og Thomas vert truleg med der også, så kanskje vil han pynte på årsbeste alt då?

Eivind Henriksen tok som kjent OL-sølv i Tokyo med norsk rekord 81.58m. I dag viste han solid form, og fekk opp heile 77.93m i 5.omg. Dette er også banerekord på loggane. Med totalt 4 kast over 76m går han nok ein stor sesong i møte. Med resultatet i dag er Eivind oppe på 8.plass på verdsstatestikken denne sesongen.

Dette er nok den sterkaste konkurransen med to norske kastarar nokon sinne, og det blir spanande å sjå kva treningskameratane kan få til utover sesongen. Ingen tvil om at dei vil pushe kvarandre til enno betre lengder. Henrksen er alt klar for VM i USA og EM i Munchen seinare i sommar, og vi håpar at kanskje Thomas klarar å kvalle til eit av mesterskapa. Direktekrav til VM er 77.5m, EM er 77m.

Eivind Henriksen og Thomas Mardal, treningskameratar og dei to klart beste sleggekastarane i Norge. Foto: Nils Ove Roset



Treningsleir i Portugal 2022

Postet av Gloppen Friidrettslag den 10. Mar 2022

God stemning på den nye kastbana i Algarve. Mathias Dale, Eivind Henriksen og Thomas Mardal.