GFIL starter sesongen 2022 med NM og Convene som ny generalsponsor

Postet av Gloppen Friidrettslag - Friidrett den 21. Jun 2022

NM klare utøvarar saman med Adm.dir i Convene Group Ingvill Hestenes.


GFIL avvikla i kveld årets sponsortreff på Sogn og Fjordane Energi sitt hovedkontor på Sandane. Både aktive, trenarar, sponsorar og støtteapparat fekk presentert mål for sesongen, og nytt om nye og etablerte sponsorsamarbeid. I mange år har SFE vore sponsor, Regine Johansen presenterte SFE som stolt produsent av fornybar energi og kva hovedmål selskapet har. At laget kunne overraske med eit nytt sponsorsamarbeid har gitt ekstra energi siste perioden.

Convene går inn som generalsponsor i GFIL 

Gloppen Friidrettslag (GFIL) og Convene (uttalast [konvi:n]) har i juni signert ein samarbeidsavtale der Convene går inn som generalsponsor i GFIL saman med Coop Extra og Sparebanken Sogn og Fjordane.

  • Det er stas å ønske ein ny bransje velkomne på laget! For oss er det viktig at lokalsamfunnet støttar idretten, og at vi kan bidra med å skape gode synergiar saman med våre sponsorar og næringslivet, fortel leiar i GFIL, Nils Ove Roset.

Convene-konsernet, som har hovudkontor på Sandane, er ein leiande partnar innan sjølvbetjente administrasjons- og betalingsløysningar i Skandinavia. Ved å handtere alle typar betalingar, frå mobilbetaling, fakturering, oppfølging og finansiering, er teknologi kjernen i konsernet, der fokuset er å stadig utvikle nye og brukarvennlege løysningar som effektiviserar og gjer kvardagen enklare for både kundar og forbrukarar.

  • Vi er stolte av å få på plass eit samarbeid med GFIL og beundrar innsatsen dei legg ned i Gloppen. Convene har dei siste åra utvikla seg til å bli eit internasjonalt selskap, men vi er stolte av historia vår og opphavet vårt frå Sandane. Vi delar mange av verdiane til GFIL og idretten, og er opptatt av inkludering og at alle skal kunne lykkast, seier Ingvill Hestenes, administrerande direktør i Convene Group.

Avtalen med GFIL er inngått for dei neste tre sesongane, og dreiar seg om å være tilstades, oppmuntre og skape engasjement, utover logoprofilering og støtte. Convene vil ha fokus på skadebehandling- og førebygging, samt stimulere, utvikle og tiltrekke seg fleire jenter til teknologibransjen.
 

  • Gjennom samarbeidet med GFIL ønsker vi å utforske desse retningane vidare, og vi ser på GFIL som ein spennande samarbeidspartar som kombinerar fokuset på individ og fellesskap på ein utmerka måte. GFIL gir utøvarane ekstra moglegheit for å lykkast, og det vil vi støtte opp om. Dette er definitivt starten på ei spennande reise, seier Edvin Øygard, business controller i Convene og tidvis treningspartnar i GFIL sitt kastmiljø.    

 

Om Convene

  • Convene er ein leiande partnar innan sjølvbetjente løysningar for betaling og administrasjon, og leverar sine løysninger til 14 land verden over- til alt frå helseforetak, bedrifter, treningssenter, bilutleige, hamnar og rederi. Les meir om oss på www.convene.no/bedrift/ 


Gloppen Fil inviterer friidretten i Gloppen til det årlege sponsortreffet

Postet av Gloppen Friidrettslag - Friidrett den 28. Mai 2022

Her møtes alle med ein fot inn i friidretten. Gloppen Fil representerer toppidretten i Gloppen og har eit spekter av aktivitet som gjennom ein generasjon har prega idrettskulturen i kommunen vår. Idrettsleiarar, trenarar og aktive er hjarteleg velkomne. 



Norges lag til EAA Throwing Cup i Portugal 12-13 mars

Postet av Gloppen Friidrettslag - Friidrett den 23. Feb 2022

Thomas er med ! Sesongopner i slegge helga 12-13 mars. Følg linken til NFIF og arrangøren under bildet. 

Uttak til European Throwing Cup i Portugal (friidrett.no)