Thomas knuste krinsrekorden i Gainesville!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 5. Apr 2018

Thomas debuterte på heimebane for Florida Gators sist helg.   Foto: floridagators.com

Helgja 29.-31.mars var det duka for Florida Pepsi Relays, eit gigantstevne på heimebane i Gainesville med ca 3.000 deltakarar!

Dette var samstundes heimebane-debuten for Thomas, som kasta slegge fredag 30.mars. Klimaet er fantastisk på denne årstida, men akkurat denne dagen regna det jamt heile dagen. Det såg allikevel ikkje ut til å hemme særleg på prestasjonen. Etter å ha starta med pers i 1.omgang (69.68), klemte han til med heile 71.88m i 2.omgang, og passerte endeleg 70m-grensa! I tillegg hadde Thomas to kast til over 69m.

Vinnaren var ein meksikanar (som i 2016 tok 4.plass i OL) med 75.33m (pers over 77), nr. 2 vart lagkompis Eriksson som også sette skulerekord (73.31), og Thomas vart nr.3. Han slo Rudy Winkler som i fjor vann nationals, og har pers godt over 76m!

Resultatet fører han opp på 2.plass på "all-timelista" for skulen, og han er no 5.beste nordmann i øvinga gjennom tidene. Han inntek 4.plass i øvinga i landsoversikta for college-utøvarar i USA dette året.

Thomas har hatt ei strålande opning på sesongen, der heile 5 av 8 gyldige kast ila to konkurransar har vore over 69m, og dermed lenger enn persen frå i fjor!

Ekstra kjekt var det at familien var på besøk, og fekk oppleve rekordkastet som tilskodarar rundt kastburet.

Neste konkurranse er fredag 13.april, også det på heimebane (Tom Jones Memorial). Då skal han truleg også kaste diskos.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.