GFIL førebur seg til mesterskap

Postet av Gloppen Friidrettslag den 23. Jun 2021

Etter eitt år med koronarestriksjonar og amputerte meisterskap ser det no ut til å bli både junior-og ungdoms-NM etter vanleg mønster. Det betyr at junior-NM vil bli arrangert for 15-19 år(U20) og 20-22(U23). Meisterskapen går på Askøy siste helga i juli og vi har fleire som allereie har klart kvalifiseringskravet.

I den yngste klassa har desse GFIL-arane klart kravet:

Mathias Reksten Dale(18). Gullfavoritt i kule der han toppar juniorstatistikken med 16,28 denne sesongen. Er også kvalifisert i diskos.

Tobias Fuglestrand(18) Debutant på 5000 m der han klarte kravet med ca. 10 sekunds margin på Sparebankleikane med 16.19,71. Tobias har trena sysematisk og godt denne sesongen og har senka persen frå i fjor med ca. 1,5 minutt! Målet på NM blir å senke persen ned mot 16 blank!

Leif Magnus Grov Husevåg(16) Debutant i slegge. Han må kaste med 6 kg slegge på Askøy, Tung slegge for ein som i fjor kasta med 4-kilos slegge og som no er i ferd med å tilpasse seg til 5-kilo, som er vekta for hans årsklasse. Han har kvalifisert seg med 42,64 med 6-kilosslegga, kvalifiseringskravet er 40,00. Han vil kunne kjempe om ein 5.-6 plass.

Emilie Engelbrektson(16). Debutant på 100 m men ny pers denne sesongen på 12,98. Det er første gong på 15 år at ei GFIL-jente har sprunge 100-meteren på 12-talet! Kvalifiseringskravet på 13,20 klarte ho både i 2019 og 2020, men koronareglar hindra ho i å få vere med i fjor og i 2019 var ho eitt år for ung. 

I tillegg må nemnast at Gullisara Panyarat Dyrnes(15) er ca. 2 tidelar frå kravet på 100 m, eit løp i god temperatur og lett medvind vil også ho kunne klare kravet. 

I U23-klassen stiller vi med to sleggekastarar, Håkon Hjelle Roset(21) og Kristen Brosvik(21), dei vil kunne kjempe om bronsemedaljen.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.