Bronse til Mathias Reksten Dale i Kule under Nordisk U20- meisterskap

Postet av Nils Ove Roset den 16. Jul 2022

Mathias viste igjen god meisterskapsform då han i dag sikra seg bronse i kule i nordisk U20-meisterskap i Malmø. Resultatet vart 17,39 som er 7 cm bak personleg rekord. Avstanden opp til sølv var berre 21 cm og nedover berre 4 cm til 4. plass og 10 cm til 5. plass. Vinnaren, VM-klare  Jesper Ahlin frå Sverige fekk opp 18,93, eit resultat i internasjonal toppklasse. Dei neste store konkurransane for Mathias vert UM og junior-NM i august.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.