Gloppen Fil til Jr Nm i Bærum komande helg !

Postet av Nils Ove Roset den 24. Aug 2022

GFIL stiller i år med 6 deltakarar der 3 av dei er debutantar:

Nikoline Thunem(18), slegge, diskos og lengde. Ho er ei allsidig jente som ligg an til plasseringar mellom 5 og 8 i kastøvingane. I lengde håpar ho på å kunne bryte 5-metersgrensa og nå finalen, ho hadde 4,99 på UM for to veker sidan.

Gullisara Panyarat(16), 100 m. Ho har hatt fin framgang i år og klarte kravet med 13,18 på Lillehammer i juni. Målsetjinga er å kunne komme ned på persen og få ein god NM-debut. Ho må nok ned på 12-talet for å komme til semifinale.

Christopher Solheim(17), slegge. Han har tidlegare delteke i høgde på UM, men har skifta til "GFIL-øvinga" slegge og har klart kravet med eit kast på 42,19. Målet må vere eit resultat kring persen, det vil gje ei plassering mellom 5 og 7.

 

Så har vi med 3 deltakarar med meir erfaring:

Håkon Hjelle Roset(22), slegge. Han er siste års junior i eldste klasse og ligg an til å ta sølv bak Håkon Litland frå Laksevåg. Håkon har er stabil rundt 56 m, kanskje kan vi sjå 57-talet i helga.

Mathias Reksten Dale(19), kule. Mathias er medaljegrossist frå UM, NM og nordisk, men i NM junior har han berre ei bronse frå 2019. I år er han favoritt, men må nok over 17 m for å vinne. Dei hardaste konkurrentane er Henrik Vesterlid frå Hatfelldal, og fjorårsvinnar Steffen Melheim.

Tobias Fuglestrand(19), 800 m og 5000 m. Tobias har trena mest for langdistansane, men likevel gjort gode løp på 800 m med 1.58,21 i år. Målsetjinga må vere å senke persen på 5000 m (16.14,55) til under 16 min. Det vil gje ei plassering mellom 10 og 15.

Vi ønskjer deltakarane lukke til i junior-NM!



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.