Gloppenmeisterskap på Byrkjelo 21 mai klokka 1800

Postet av Gloppen Friidrettslag den 15. Mai 2015


Gloppen Fil og moderlaga arrangerer det årlege Gloppenmeisterskapet på Byrkjelo stadion torsdag 21 mai med første start klokka 1800. Syner også til annonse i Gloptimisten no nyleg. Det vil også bli annonsert i Firda Tidend, facebook Gloppen friidrett, samt heimesidene til laga.

Øvingar 10-14 år: 60-600-Lengde, høgde, liten ball, kule , diskos
15 år og oppover: 100-400-1500, lengde, høgde, kule, diskos, slegge

Påmelding frå 1700 på tribunen. Ingen avgift.

Laga har fått tilsendt oppsett over kva øvingar dei har ansvar for. Tysdag den 19 mai frå 1830 møtes flest mogeleg for å få ut stavmatte og høgdematte. Vi må også rydde i utstyrsbua. Tidtakeanlegget er testa og fungerer. Vi gledar oss til lokalt stevne og aktivitet. Dette er viktige stevner for rekrutteringa. Håpar moderlaga mobiliserer til deltaking !

Bildet er tatt ein av treningskveldane i fjor. Blir kjekt med ein aktiv sommar på stadion !





Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.