Um - Lillestrøm - oppsummering !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 19. Sep 2015

Ungdomsmesterskapet er oppdelt i aldersklassane G/J 15-16-17 og 18/19 år.

Thomas gjorde det spennande
Thomas Mardal, Sandane T&IL var førehandsfavoritt til gull i diskos. Fram til siste kast låg han på ein andreplass eit godt stykke bak personleg rekord på 56,26 meter.

Thomas viste sterk vinnarvilje då han klemde til med 56,02 i siste kast og sikra dermed gullet med solid margin. Dette resultatet er inne på topp 20 i Europa på juniorstatistikken i år og 4 beste i Norge gjennom alle tider i klassa.Thomas hadde frå før sikra gull i kule med god margin. (saksa frå SFFIK)

Fredag 11.sept:

G15 diskos (1kg)

Håkon Hjelle Roset (STIL) tok ein sterk 4.plass med resultatet 38.89m, ein snau meter frå medalje. Dette var samstundes ny pers! Håkon Fjellestad (Fj./Ver.) vart nr.7 med 35.46m og Håvard Kolbotn (BBIL) vart nr.10 med 32.41m. Alle tre var debutantar i eit mesterskap, og gjorde ein strålande innsats!

G15 100m

Her kom ein av dei store overraskelsane resultatmessig: Robert Andrè Moldestad (BBIL) kom til meisterskapen med ein pers på 11.82, og kom seg greitt til finalen. I finaleløpet dundra han inn til bronsemedalje på tida 11.65 i lett medvind!! Fantastisk flott løp som utløyste stor jubel blant glopparane på tribuna.

G18/19 100m

Vidar Hatlem (GFIL) sprang forsøksheatet på tida 11.87 i motvind 0.7, dette heldt dessverre ikkje til avansement. Persen frå framoleikane er på sterke 11.35 sek.

Diskos J16 (1kg)

Lisa Selsvik (Fj./Ver.) hadde ikkje heilt dagen i «buret» og tok den litt sure 4.plassen med 25.75m, eit stykke bak persen. Hadde ho kasta opp mot årsbeste (29.00) hadde det helde til bronsemedalje (sølvet gjekk på 29.00..).

Slegge G18/19 (6kg)

Her hadde vi med to gutar: Hans Sande (Brodd) kasta 62.25m, likt med vinnar Jon Nerdal. Han «tapte» dermed gullet på kortare nestbeste-resultat, 7 cm var marginen.. Allikevel flott sølvmedalje på Hans, som kasta heilt opp mot sitt beste. Thomas Mardal (STIL) tok bronsemedaljen med resultatet 58.40m.

3000m G17

Jon Rolf Skamo Hope (Hyen) er i full trening mot skisesongen, men deltek også på baneløp sommarstid. På 3000m vart han nr.5 med tida 8.52,67, snaue 9 sek frå medalje. Han måtte dermed persa med 5 sekund for å ha kjempa om bronsen. Flott løp av Jan Rolf.

Lengde G18/19

Vidar Hatlem (GFIL) var også med i lengde, der han kunne kjempe om bronsemedaljen. Litt kluss med tilløpet gjorde at han ikkje rakk heilt opp denne gongen, men sistehoppet på 6.11m gav 4.plass, berre 7cm opp til 3.plassen.

400m J18/19

Ingrid Hjelle Roset (STIL) åpna forrykande i det siste og beste heatet på 400m, og leia ut av fyrste sving. Åpningsfarten fekk nok konsekvensar, og i mål var ho nr.7 på tida 61.36 sek. Dette gav 9.plass totalt, men tida var årsbeste. Neste gong står ho betre inn!



Laurdag 12.sept

Slegge J16 (3kg)

Lisa Selsvik (Fj./Ver) var nok ivrig etter å vise seg fram etter ein litt skuffande dag i diskos, og sleggetreninga tidlegare i veka hadde vist at ho var i form. Her klaffa det mykje betre, og med eit bestekast og ny pers, 45.94m vart det sølv på Lisa, under ein meter frå gullet!

200m G15

Robert Andrè Moldestad (BBIL) er nok fyrst og fremst ein kortsprintar, men klarte seg fint i forsøksheatet på 200m. Med tida 24.83 sek fekk han 5.plass i heatet og dermed ikkje vidare til finalen. Persen er på 24.60 frå Sparebankleikane tidlegare i sommar.

Slegge G15 (4kg)

Også her hadde vi med tre gutar frå kommunen: Magnus Rygg Storsletten (Hyen) hadde tidlegare i veka sett årsbeste i landet med 54.67, og gjorde ein knallgod konkurranse, der fem av kasta var over 51 m. Bestekastet vart målt til 52.69m, berre 16cm kortare enn vinnaren. Flott sølvmedalje til Magnus! Håkon Hjelle Roset (STIL) tok ei flott bronsemedaljen med eit kast på 47.50m, også det eit resultat heilt opp mot årsbeste! Håkon Fjellestad (Fj./Ver) vart nr.4 med ny pers, 40.48m! Tre gutar frå heimbygda blant topp fire viser at Gloppen er kastkommunen i Norge, i alle fall i slegge!

Slegge G16 (5kg)

Steffen Fjellestad (Fj./Ver) tok sølv i UM i fjor, og det same vart det i år! Med eit bestekast på 44.34m sette han samstundes ny personleg rekord!

200m J18/19

Etter eit 400m-løp dagen før, var Ingrid Hjelle Roset (STIL) klar for 200m i dag. I sitt forsøksheat vart Ingrid klokka inn på 27.56 sek, og 5.plass (14.plass totalt). Tida var årsbeste for Ingrid.

Spyd G17 (700gr)

Sjølv om han ikkje er gloppar, er Simon Lidal (Jotun) ein del av treningsmiljøet her heime som elev på idrettslinja på Firda. Han er ein lidenskapeleg spydkastar, som på UM fekk sin livs spydkonkurranse: med ny pers på over fem meter, 52.10m, vart det ein flott 4.plass.



Høgde J17

Gloppen har tradisjon for å stille med høgdehopparar, men under UM var Ingeborg Raftevold (GFIL) einsleg svale. Ho fekk det ikkje til å klaffe denne gongen, og med tre riv på 1.51 vart ho ståande med resultatet 1.41 og 7.plass.

2000m hinder G18/19

Under jr.NM på Byrkjelo fekk vi sjå årets komet på friidrettsbana lokalt: Vincent Førde (GFIL) tok der ei knallsterk bronsemedalje på hinder. Han er elev på idrettslinja på Firda, og fersk som løpar på friidrettsbana. Men talentet er uomtvisteleg, og det viste han også i starten på dette løpet. Dessverre surra han det til med å gløyme vasshinderet på 1.runda, noko som gjorde at han måtte springe tilbake, og tapte minimum 15 sekund. I mål var han nr.4 på tida 6.23,14, knappe fire sekund frå bronse (og 13 bak gullet..). Kva som hadde skjedd utan glippen kan ein berre spekulere i.. Tida var 5 sekund bak pers.



Kule G18/19 (6kg)

Her var Thomas Mardal (STIL) kandidat til gullet, og innfridde med 16.12 i 1.omg. Hans Sande (Brodd) vart nr. 4 med 13.18 som bestestøt, ny personleg rekord.



Søndag 13.sept

800m G17

Matias Førde (Jølster) er også elev på idrettslinja på Firda, og gjorde eit godt løp på 800m. Han kom i mål på 6.plass med tida 2.01,76 min, like bak persen.

Diskos G18/19 (1.75 kg)

Eit av dei store høgdepunkta med lokale deltakarar kom i den siste øvinga . Thomas Mardal (STIL) var nok på førehand knapp favoritt, etter gull i Jr.NM på heimebane. Men det var venta hard kamp, særleg frå Thor Olav Rosvold som i sommar var med på Jr.EM ilag med Thomas. Rosvold leia konkurransen til siste omgang, etter eit kast på 52.52m, Thomas låg litt bak med sine 51.21m. Men så snudde Thomas dette på hovudet etter eit fantastisk sistekast på heile 56.02m, eit strålande resultat mtp litt vanskelege vindforhold. Dermed var gull nr.2 for Thomas i boks, og tre medaljar på tre øvingar. Hans Sande (Brodd) fekk ikkje fullklaff, og tok 4.plass med 42.17m.



Medaljeoversikt lokale utøvarar:

Plass

Utøvar

Klasse

Øving

Resultat

Gull

Thomas Mardal, STIL

G18/19

Diskos 1.75kg

56.02m

Gull

Thomas Mardal, STIL

G18/19

Kule 6kg

16.12m

Sølv

Magnus Rygg Storsletten, Hyen

G15

Slegge 4kg

52.69m

Sølv

Lisa Selsvik, Fj./Vereide

J16

Slegge 3kg

45.94m

Sølv

Steffen Fjellestad, Fj./Vereide

G16

Slegge 5kg

44.34m

Sølv

Hans Sande, Brodd

G19/19

Slegge 6kg

62.25m

Bronse

Håkon Hjelle Roset, STIL

G15

Slegge 4kg

47.50m

Bronse

Robert Andrè Moldestad, BBIL

G15

100m

11.65 sek

Bronse

Thomas Mardal, STIL

G18/19

Slegge 6kg

58.40m



Totalt 2 gull, 4 sølv og tre bronse = 9 medaljar til Gloppen, litt m


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.