Gode tider for friidretten !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 20. Des 2015

Bildet er frå Portugal 2015. Vi har akkurat 3 månader no med hard trening før vi sit på flyet og då er våren i anmarsj ! Kjekt å sjå på bilder med sol og varme no i mørketida !

Snart er 2015 historie ! Nyleg gjennomførte vi samling med over 30 friidrettsungdomar. Gloptimisten er ute i postkassene og kalendaren er straks utseld. Det er aktive tider. Nok eit år med gode resultater og god deltaking på friidrett. Dei aktive presterer godt og det er bra rekruttering. Det siste kunne alltid vore betre og svingningane føle som oftast enkelte eldsjeler sin inntreden (eller motsett) i friidrettsgruppene. No er det BBIL som har blomstra mest siste åra med Reidar og Ola i spissen. Det er den type eldsjeler som gjev aller mest att for ungdomen som vil yte og lære på idrettsbana. Ungdomen er idrettens grunnpilar ! I åra som kjem er vi avhengige av gode rekrutteringstiltak i form av samlingar og stevner for ungdomen. I snart 26 år har Gfil vore ein samlande faktor for aktiv friidrett i kommunen. Vi var vel av mange dømde nord og ned i starten, men vi har stått av dei fleste stormar og klubben framstår i dag som solid og med klare målsettjingar om å drifte godt i åra som kjem. Klubben vert dreven av eldsjeler utan noko form for godtgjersle.

Ei spesiell takk til våre økonomiske støttespelarar. SPAREBANKEN er generalsponsor, SFE, RETURA NOMIL, NORDFJORD SKIFER og GLOPPEN HOTELL er hovedsponsorar. Vidare har vi med oss G-Sport og Craft samt Kavli. Oppatt på alt dette har vi annonsørar i både Gloppenkalenderen og Gloptimisten. Utan desse støttespelarane som gjev oss tryggleik ville ikkje utøvarane hatt mulighet til å trene og konkurrere på toppnivå. Komande år starter med landslagssamling den 8-9 og 10 januar. Vi ynskjer alle ei god høgtid med mykje trening !


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.