Coop Extra på lag med Gloppen friidrettslag

Postet av Gloppen Friidrettslag den 29. Jan 2016


Det er med stor glede vi kan presentere ny Generalsponsor til Gloppen Friidrettslag. Coop Extra går inn som ein av to generalsponsorar dei komande tre åra. Det nye samarbeidet med Coop Extra er svært viktig for klubben. Stabil og god økonomi bidrar til at eldsjeler kan fortsette det gode arbeidet med ungdomen som ynskjer framgang på idrettsbana. 2015 har vore eit svært godt år for Gfil både sportsleg og administrativt. Vi håpar mange kjem på årsmøtet vårt 9 mars og høyrer om detaljane frå statistikken, økonomien og alle dei aktivitetane vi elles styra med gjennom eit år.

Coop har ny stor Extra daglegvarebutikk på Sandane og tre Coop avdelingar i Breim. Det er den største daglegvareaktøren i Gloppen.

Då har vi to generalsponsorar, Sparebanken Sogn og Fjordane og Coop Extra. Saman med hoveudsponsorane SFE, Retura NOMIL, Nordfjord Skifer og Gloppen Hotell har vi no eit godt økonomisk fundament til å utvikle friidretten vidare. Alle desse samarbeidspartnarane har kontrakter med langsiktig perspektiv. Når vi i tillegg har G-sport, Craft og Ronny Solheim (fotograf) med oss som delsponsorar er vi godt skodde på mange frontar. Det betyr at satsinga fram mot NM2018 på heimebane er i ferd med å bli sikra. På veien til dette målet er der mange kjekke delmål, komande sesong ser vi fram til JrNM i Brandbu, NM på Askøy, UM i Sandnes og kanskje også ein JrVM deltakar. Vi håpar å gje alle ein god opplevelse av friidrett i åra som kjem med Gloppetrim, friidrettskule, Sparebankleikar og gode sportslege resultat.

Stor takk til Geir Espe, Øyvind Indrebø og Martin Hamre som har gjort Coop Extra avtalen muleg! Vi skal gjere vårt ytterste til at dette blir eit fruktbart samarbeid.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.