Gloppenmeisterskap under flotte forhold på Byrkjelo.

Postet av Gloppen Friidrettslag den 26. Mai 2016

Glimt frå kveldens flotte stevne i godveir til ein forandring frå tidlegare år. Mange gode resultat og ikkje minst ein super kveld å rekruttere unge utøvarar.

Ca. 50 deltakarar. Thomas Mardal viste at VM-formen er i anmarsj med 57,64 i diskos(1,75 kg). Det er ny juniorkrinsrekord og ei forbetring av sin eigen rekord frå oktober i fjor som var på 56,57. Samtidig er han no godt over VM-kravet på 55,00 så finaleplass i VM er eit realistisk mål.

Steinar Kleppe jagar krinsrekorden i slegge, i kveld vart det 62,64. Den 36 år gamle rekorden til Ove Farsund på 64,20 kjem nok ikkje til å overleve denne sesongen!

Veteranen Else Lundestad Bakkelid kasta diskosen solide 45,68, ho nærmar seg no dei beste seniorane i landet. Den 20 år gamle persen er det no berre 2 meter fram til!

Mange fine duellar i dei yngre klassane lovar bra for friidretten i kommunen.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.