Kategori
Arkiv
Friidrettens haustmøte med brev til Gloppen Kommune
Postet av Gloppen Friidrettslag den 27. Okt 2019
Friidretten i Gloppen er svært takknemlege for den unisone støtta prosjektet får frå alle vi er i kontakt med. Det viser at dette betyr mykje å få på plass. Friidretten har tapt ein generasjon med utøvarar pga dette anlegget sitt forfall. Det seie seg sjølv at friidretten døyr vekk når alle skulane frå barneskule via ungdomskule til Vgs ikkje får mulighet til å lære seg friidrett. Ingen idrettsdagar i skuletida, ingen gymtimar og ingen organiserte friidrettstreningar av idrettslaga på fritida i eit slikt skulesenter og kommunesenter. For å dra paralellar til Fana stadion. Der har dei treningsgrupper på anlegget heile vinteren med alt frå unge til eldre som har organiserte løpsgrupper som bidrar både til aktiv idrett og folkehelse. Godt flomlys, fast dekke og gode trenarar gjere dette muleg. Vi har forsømt oss i mange år, men no drar vi ilag alle i Gloppen. Då er det håp om framdrift.
Til
Gloppen kommune og
Politikarane i Gloppen kommunestyre
Sogn og Fjordane Friidrettskrins si haustsamling på Sandane laurdag 26. oktober 2019 oppmodar sterkt Gloppen kommune, i samarbeid med idrettslaga i Gloppen, å få fortgang i arbeidet med å få oppgradert Idrettsplassen på Sandane til eit anlegg som kan nyttast til friidrett.
Tilhøva for friidrett for born, ungdom og vaksne rundt Gloppefjorden, samt for barne-, ungdoms- og vidaregåande skule, er svært uhaldbare. Treningstilhøve på friidrettsbane er fråverande. Gloppen er tradisjonelt ein av dei fremste friidrettskommunane i Sogn og Fjordane, og dette må ikkje skuslast bort. Slik banestoda har vore dei siste 10-15 åra, kan ein trygt seie at like mange årgangar har vorte tapt for friidretten, spesielt i løp og hopp. Rekrutteringa er så å seie borte pga av mangel på eit teneleg anlegg.
Alle som her har skrive under vil hevde at Sandane/Gloppen er eit svært viktig geografisk område for friidretten i fylket, og difor må ha ein arena for trening og enkle konkurransar for born og ungdom.
Friidrettsleiarane ber difor innstendig om at Gloppen Kommune tek inn finansiering av nye Idrettsplassen i budsjett og økonomiplanar no. Arbeid med Idrettsplassen må vi få start på i 2020.
Sandane, 26. oktober 2019
Hans Petter Galtung, leiar Olden il Jørund Årdal, trenar GFIL og Il Brodd
Knut Olav Førde, trenar Jølster Il Nils Ove Roset, leiar og trenar GFIL
Olav Holvik, GFIL Jan Otto Aae, trenar GFIL
Reidar Moldestad, leiar og trenar BBIL Anne Merete Kleppenes, trenar BBIL
Stig Svalheim, leiar og trenar STIL Heidi Solheim, STIL
Ragnhild Fjærestad, leiar og trenar i Vik Il Dagfinn Nyhammer, leiar og trenar Fjellhug/Vereide Il
Linda Øvregard Røhme, leiar og trenar Bjørn il Randi Norberg, Bjørn il
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.