Kategori
Arkiv
Thomas Mardal med kjempekast i diskos -greidde kvalik kravet til U20 EM
Postet av Gloppen Friidrettslag den 21. Mai 2015

Under årets Gloppenmeisterskap kasta Thomas Mardal(18), Gloppen Fil 1,75kg diskosen heile 55,37m. Han greidde dermed kvalik kravet (53,80m) til U20 EM i Eskilstuna 16 - 19 Juli. Gloppen Fil gratulerer og kan med dette konstatere at Thomas vert første mannlige friidrettsutøvar frå Gloppen i internasjonale meisterskap sidan 1997 (Kjell Ove Hauge VM1997). Diskos og sleggekonkurransen gjekk av stabelen i Hyen då kastanlegget på Byrkjelo er under rehabilitering. Hans Sande, Gloppen Fil sette personleg rekord med 6kg slegga med resultatet 60,98m. Karane er i rute ! Vi kjem tilbake seinare med fullstendig resultatliste frå stevnet. Det skal nemnast at veiret ikkje var særleg godt under stevnet !
TILBAKEBLIKK - GLOPPARAR I INTERNASJONALE MEISTERSKAP
Arne Indrebø, Breimsbygda FIL, U20 VM 1988
Kjell Ove Hauge, Gloppen FIL, VM senior 1997
Elin Isane, Gloppen Fil, U23EM 1997
Cecilie Riise, Gloppen Fil, U23EM 1999
Kristin Roset, Gloppen Fil, EM senior 2002
Trude Raad, Gloppen Fil, U18VM 2005
Trude Raad, Gloppen Fil, U18VM 2007
Trude Raad, Gloppen Fil, U20VM 2008
Trude Raad, Gloppen Fil, U20EM 2009
Marte Rygg Årdal, Gloppen FIL,U18VM 2009
Marte Rygg Årdal, Gloppen Fil, U20EM 2011
Trude Raad, Gloppen Fil, U23EM 2011
Marte Rygg Årdal, Gloppen Fil, U23EM 2013
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.