Årets siste meisterskap - Ungdoms NM !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 2. Sep 2015



Hallo alle saman! Som tidlegare år har GFIL tinga ein del senger til meisterskapen. I år på Thon Hotell Lillestrøm i sentrum. Romma er frå torsdag til søndag og det skal ikkje vere langt til stadion. Moderlaga er ansvarlege for utøvarane på dette stevnet og vi håpar at kvart lag har med seg leiar/forelder/trenar og syter for transport. Vi vil bidra til felleskap med at vi bur mange ilag på same plass, ete ilag og har felles samlingsplass og yter sjølvsagt alt vi kan til alle.

Vi har med eit stort telt som vi set opp ved bana allereie torsdag kveld. Der har vi mulighet til å slappe av og ha det tørt om det skulle bli nedbør. Asle Førde, far til Vincent Sondre Førde vert med på turen. Han er fysioterpeut og vil ta seg av såre armar og bein !

Om de lurer på kvifor enkelte utøvarar representerer GFIL så er det fordi at dei dette gjeld er dei som kjem frå andre kommunar. I våre tilfelle Bremanger, Stryn og Hyllestad. Dei kan ikkje ha vår dobbelrepresentasjon slik alle har i vår kommune. Det er viktig at moderlaga har lagsdrakter slik at vi får fram kor mange lag vi har i Gloppen som driv friidrett. UM er eit utruleg kjekt stevne. Mange øvingar og kjempesosialt på alle måtar. Gå innom heimesidene http://www.umfriidrett2015.no/der er mykje fint å lese. Vedlagt dagsprogrammet for stevnet. Les dette og vent på tidsskjemaet som kjem dagane før. Nærmare presentasjon av utøvarane kjem etter kvart.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.