Retura Nomil A/S har signert for nye tre år i samarbeid med Gloppen Fil

Postet av Gloppen Friidrettslag den 12. Sep 2016

Det er berre gledelege nyhende for tida ! Utøvarane presterer topp. Kjekke turar for både unge og gamle. Synd sesongen snart er over ! Økonomigruppa med Gunnar Hole i spissen har arbeidd godt i fleire år. Retura Nomil A/S har vore med oss i 3 år. I dag signerte bedrifta med hovudsete i Gloppen og Eidsmona ny treårsavtale med Gloppen Fil til over 2019. Det er heilt avgjerande for friidretten at vi har med oss slike som Retura Nomil A/S. 2016 har vore eit krevjande år økonomisk. Høg aktivitet, gode toppresultat og stor breidde på Jr nivå er kostnadskrevjande og utfordrande for ein liten klubb som GFIL. Kombinasjonen av profilbevisste utøvarar og leiarar, kontinuitet i styret og økonomigruppe samt ein god giv i alle moderlaga har gjort oss i stand til å lande også denne sesongen på ein administrativ god måte.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.