Thomas Mardal åpna utandørssesongen i Norge denne helgja, under nasjonal kastmønstring. I midten av mars tok han ein sterk 2.plass under European Winther Throwing Cup i Portugal. Han har trena godt sidan den tid, og tida framover blir viktig mtp å oppnå gode resultat for kvalifisering til VM i Budapest i august.
Fredag 19.mai var det sleggekonkurranse på Loggane Stadion på Rygg. Litt smårusk reint teknisk, men likevel sesongbeste med 74.42m. Han hadde berre ein konkurranse i fjor der han kasta lenger.
Søndag 21.mai var det ny konkurranse på same arena, under Loggane Open. I dag sat teknikken mykje betre, men han hadde ikkje same trøkket i kroppen. Men nok ein sesongbeste, denne gongen 74.73m. Han hadde to kast over 74m og ein serie på 5 kast med snittlengde på over 73.5m, så det lovar svært godt for ein god sesong. Han plasserar seg på rundt 20.plass på verdsstatistikken, og det er kort veg oppover lista.
Thomas har no framover fleire viktige konkurransar. Laurdag 3.juni skal han kaste under Trond Mohn Games på Fana stadion i Bergen. Dette stevnet har fått silver-status frå det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF), noko som gjev godt med rankingpoeng. Her møter han eit sterkt felt, med dei beste frå norden i tillegg til bl.a Halaz frå Ungarn, som tok medlaje i EM sist sommar.
15.juni er han klar for Bislett Games! Her møter han 6 av di beste sleggekastarane i verda, og han håpar nok å tukte persen på 76.74m framfor fulle Bislett-tribuner. Då er det ikkje langt opp til direkte kvallik-kravet til VM på 78m.
Mathias Reksten Dale har slite med både rygg og sjukdom siste tida, men var i aksjon i kuleringen i dag. Desverre var ikkje teknikk og kropp heilt på lag, så det vart ikkje teljande resultat denne gongen.
Steffen Melheim frå Olden sette flott pers i diskos (2kg) med 55,01m, og ermed over kravet til U23-EM seinare i sommar!
]]>
Denne langhelga er det norske junior-landslaget i kast samla i Gloppen, og det vert arrangert nasjonal kastmønstring i slegge, diskos, kule og spyd.
Mest spaning knyter det seg sjølvsagt til kva vår eigen Thomas Mardal (GFIL) kan prestere i slegge. Han vil kaste både fredag og søndag, begge konkurransane på Loggane. Med pers på 76.74m, sølvmedalje under European Throwing cup i Portugal i mars og senior-VM debut i fjor, så er det knytt stor spaning til kva han klarar denne sesongen. Eit nytt VM står for tur denne sommaren i Budapest, Ungarn, der det direkte kval.kravet er 78m. Han kan også kvalifisere seg via ranking, så konkurransane framover vil gje verdifulle poeng. No har du moglegheiten til å sjå topp internasjonal kasting på nært hald, så møt opp på Loggane komande fredag kl 14!
Mathias Reksten Dale vil konkurrere i kule, i tillegg til å delta på jr.landslagssamlinga. Testar viser at han no er stabil på 16m+, så vi kan håpe på lange støt alt denne helga.
Grunnen til at jr.landslaget legg vårsamlinga til Gloppen er nok kombinasjonen av gode treningsfasilitetar på Loggane og Byrkjelo stadion, og vektrom i Trivselshallen. I tillegg er vår eigen trenar, Jørund Årdal, sentral i trenar-apparatet til landslaget.
Kastmønstringa vil vere dei fyrste konkurransane i Norge denne sesongen som er gyldige kvallik-konkurransar til dei internasjonale Ungdoms- og jr.meisterskapa som kjem i sommar.
Følgjande konkurransar vil bli arrangert i regi GFIL og jr.landslaget:
Byrkjelo stadion torsdag 18/5, frå 17.00: diskos og kule, fredag 19/5: spyd kl 15
Loggane stadion (Rygg) fredag 19/5, frå kl.14: slegge (m/Thomas)
søndag 21/5, frå kl 10: kule, diskos og slegge (Loggane Open)
Følgjande utøvarar vert det særleg spennande å følge desse konkurransedagane, då dei ligg godt an til å ta krava til ulike aldersbestemte mesterskap:
Ungdoms-OL(EYOF) U18:Jacob Sederholm Hoff, Stjørdal kule, har 18,03 m, krav 17,35
Helene Ramslien, AKS-77, diskos, har 46,99 m, krav 42,00. Kule , har 15,19, krav 14,90
EM U20:
Håkon Hansesæter, Aremark, diskos,har 55,58, krav 54,00
Henrik Vesterlid, Hatfjelldal, kule, har 17,35, krav 17,75
Øystein Hytten, Tønsberg, slegge har 64,88, krav 67,00
EM U23:
Steffen Melheim, Olden, har 52,93, krav 54,50
Mariell Morken, Voss, har 13,87, krav 14,50
VM senior:
Thomas Mardal, GFIL, har 76,74, krav 78,00 eller ranking
Vi håpar mange tek turen til Loggane på Rygg og Byrkjelo stadion for å støtte og heie på både lokale håp og resten av jr.landslaget i kast.
]]>Styret la fram eit rekneskap med underskot på litt over 20 000,- og alle var komfortable med dette og såg draktinvisteringane som ein medverkande faktor til underskotet. Ei rykande fersk lagsavis vart også presentert . Desverre er avisa i seg sjølv eit minusforetak, men den genererer mykje positivitet og er avgjerande for å behalde posisjonane i sponsormarkedet. Sittande styre tok gjenvalg og går ny sesong i møte. Årsmeldinga er lagt ut på nettsida. GFIL vil takke alle som har bidratt gjennom året og vi gledar oss over å drive idrett.
]]>München var arrangør av sommar-OL i 1972, og det er same arena (olympiastadion) som skal huse friidrettsøvingane under EM-veka. Som sagt vert dette det andre store internasjonale meisterskapet som Thomas deltek på denne sesongen. Uttaket er basert på plassering på world ranking, og til EM er det totalt 26 utøvarar som får vere med i dei tekniske øvingane. Nålauget er blitt trongare enn før, det ser vi på antal deltakarar og ikkje minst høgare kvallik-krav (kravet til det avlyste meisterskapet i 2020 var 74.45 m..).
Thomas har fått ein god treningsperiode etter at han kom heim frå VM i USA, men har slite litt med ei stiv hofte under og etter VM. Vi håpar allikavel at han får ei positiv oppleving, og klarar å kaste opp mot årsbeste. I VM gjekk finale-plass på høge 74, vi kan vel forvente nokolunde same grense for finaledeltaking under EM. Med pers frå fjoråret på sterke 76.74m, og årsbeste frå Bislett Games på 74.81, veit vi at han har finale-lengder inne om teknikken stemmer og kroppen spelar på lag.
Du kan følgje EM på NRK sine direktesendingar, i tillegg finn du mykje informasjon på friidrett.no.
GFIL ynskjer Thomas all lukke i meisterskapet, vi er uansett utruleg stolte av kva du har fått til!!
]]>Gulisara Panyarat (j16) vart nr.6 i sitt forsøksheat med tida 13.36 sek (+0.2), 0.18 sek bak årsbeste. Med dette kom ho ikkje vidare til finalen.
STIL hadde også to utøvarar i aksjon. Tobias Fuglestrand sprang 3000m i klasse g18/19, og kom på 15.plass med tida 9.16,94 min, ca 15 sek bak årsbeste.
Mathea Svalheim debuterte i UM, og i dag hoppa ho tresteg i klasse j15. Med solid pers i 2.omgang, 10.38m, kom ho på ein flott 6.plass i konkurransen. Litt bittert at ho mangla fattige to centimeter på Jr.NM-kravet, men ho får nye sjangsar i morgon og søndag.
Nye Hayward Field er klar for VM, og Thomas fekk inspisere anlegget i går. Slegge blir den aller fyrste øvinga under meisterskapet, og du kan følgje VM direkte på NRK sine sendingar, som startar kl 18.00 i kveld.
Vi kan ikkje forvente at Thomas skal kunne nå ein finale, for nivået er skyhøgt. Men med ein pers på 76.74m frå same arena i fjor, vil han med eit makskast kunne snuse på plassering tett opp mot dette, og kanskje ein finale om alt klaffar.
Kun to utøvarar frå fylket har delteke i VM tidlegare. Øystein Bjørbæk frå Førde var riktignok blitt Bodø-utøvar på den tida, men som 30-åring kvalifiserte han seg til det fyrste VM i heldingfors i 1983, der han vart nr.23 i diskos. I 1997 fekk Kjell Ove delta på VM i Athen, der han vart nr.25 i kule
Thomas kom til USA den 5., for å delta på precamp i Berkley, like utanfor San Francisco. Med 9 timar tidsforskjell trengs det litt tid for å kunne snu klokka. Her fekk dei trene godt og førebu seg til meisterskapen. Litt dramatikk vart det, då fleire i støtteapparatet fekk corona under opphaldet, men heldigvis vart det negativ prc-test på Thomas, og han fekk reise vidare til Eugene. No håpar vi han er klar til å kaste langt i kveld, vi ynskjer han all lukke under kvalifiseringa i kveld!
Her frå precamp, saman med ei knippe VM-kastarar frå dei nordiske landa.
Mathias Dale skal laurdag delta i den nordiske juniorlandskampen (U-20) i Malmø, Sverige. han skal støte kule (6kg) kl 11.45. I klassa er det to sterke finske kastarar, med årsbeste over 18m. Normalt vil Mathias kunne kjempe om ein 3.plass saman med to andre som også har pers på 17-talet. Det blir veldig spennande å sjå kva Mathias klarar, og om han evt klarar å bryte den magiske 18-meter-streken!
VM går av stabelen i universitetsbyen Oregon i perioden 15.-24.juli, men Thomas reiser over til Eugene alt den 5. for å delta på precamp (viktig å aklimatisere seg, særleg mtp tidsforskjell på 9 timar). Då skal han preppe ilag med utøvarar som Eivind Henriksen, Karsten Warholm, Jakob Ingebrigtsen m.fl. Det er utruleg stort for klubben å sjå at ein av våre klarar å ta steget til å delta på den ypperste arena som er mogleg innan friidrett. No skal Thomas bruke perioden framover til VM til å legge ned eit godt tr.grunnlag slik at han kan få ein formtopp til meisterskapen. Slegge-kvalliken går alt fyrste dagen, kl 09 eller 10.30. Så det blir ikkje tid til å bli brakkesjuk før debuten i VM. GFIL gratulerer med uttaket, og skal heie på deg frå tv-stolen her heime.
Thomas Mardal var på førehand klar sølvmedaljekandidat i slegge, og skuffa ikkje. Med resultatet 72.95m var han over 7 meter føre 3.mann, og kunne dermed innkassere sin andre sølvmedalje i slegge, den forrige på heimebane i 2018. Det var svært varmt under konkurransen, godt over 30 varmegrader, og med litt tunge bein var han ikkje heilt nøgd med resultatet. Uansett det beste sølvmedaljeresultat noko sinne, faktisk hadde det helde til gull i dei fleste mesterskapa, fram til Eivind Henriksen byrja å kaste verkeleg langt. I dag toppa Eivind heile NM med fantastiske 80.17m, som er meisterskapsrekord og gjer han til medaljekandidat i VM neste månad. Det er også ein sterk søknad til kongepokal!
Håkon Hjelle Roset hadde ein fin serie, og sistekastet målte 55.88m, mindre en meteren bak persen. Med dette kastet tok han ein flott 5.plass, som er den beste NM-plasseringa han nokon gong har hatt. Serien til Håkon var jamn, med to kast over 55m.
I morgon er det avslutningsdagen av årets NM, og vi gledar oss til å sjå Else i diskosringen, Mathias i kuleringen og Simon i spydtilløpet.
]]>Heile GFIL-troppen samla utanfor hotellet i Stjørdal sentrum, oppdressa i fine, blå GFIL-jakker.
Emilie Engelbrektson var vel fjorårets komet i friidretten i Gloppen, og deltok i dag i sitt andre senior-NM, trass sin unge alder (17 år). Alt kl 11 i føremiddag small dei fyrste startskota under årets NM på Øverlands Minde stadion i Stjørdal. Emilie var plassert i 1.heat, og var i utg.punktet ikkje av dei enn forventa skulle gå vidare til semifinale. Ho hadde ein god start, og var godt med ut frå blokkene, men fekk det ikkje heilt til å klaffe utover løpet i dag. Tida 13.01 sek i -0.4 motvind var ho ikkje nøgd med, men på ein veldig varm dag (25-26 grader) og senior-løparar i banene rundt seg, skal ho allikavel vere fornøgd med måten ho løyser oppgåva på.
Kristina Thunem er inne i sin fyrste sesong som GFIL-utøvar, og hadde begge sine to kastøvingar på programmet alt fyrste dagen av NM. I slegge har ho nok ikkje fått trena nok dette året, og dermed var teknikken ikkje så stabil som ho kunne ønske seg. 43.06 m var tre meter bak årsbeste, og 5 meter bak persen. Det heldt til ein 12.plass, og dermed berre tre kast (dei 8 beste får 6 kast).
Litt skuffa over eigen innsats, gjorde ho det klart at ho skulle revansjere seg i kuleringen nokre timar seinare. Ho hadde fin økning utover dei 3 fyrste kasta, og låg med bestestøtet på 11.54 m med den 4 kg tunge kula an til å nå finalerundene. Diverre vart ho slått med ein fattig cm av ein konkurrent i 3.omgang, og dermed måtte Kristina sjå resten av kulefinalen frå sidelinja. Det vart då ein 9.plass totalt.
I morgon er det sleggekarane sin tur, både Håkon og Thomas er klare til innsats. Det er meldt over 30 varmegrader til finalen kl 15.05, så det vert viktig å ikkje bli dehydrert. Du kan følgje meisterskapen på stream her eller sjå sendinga på NRK frå kl 16.00-18.00.
]]>I dag var Thomas tilbake på Loggane, og kasta pene 74.22m under Loggane Open. Ikkje det same trøkket på tribuna, men vel så fine omgjevnadar.
Mathias Reksten Dale sette ein fin personleg rekord i kule (6kg) med resultatet 17.46m, ei forbetring av tidlegare pers med 12 cm. Han nærmar seg Jr.VM kravet, no e det 74 cm att.
]]>Han hadde også eit lengre kast, over 74m, men desverre like utanfor sektor.. For 4.plassen fekk han også 300 euro i premiepengar.
Trass sjukdom siste dagane, fekk Thomas eit greit resultat. Han veit at han enno har mykje å gå på, og alt neste veke (torsdag 16.) får han ein ny sjangse under Bislett Games! For fyrste gong sidan 50-talet er slegge med i programmet, og denne gongen med ein gloppar i aksjon. Vi gledar oss!
Thomas deltek i slegge kl 18.30, og det er eit sterkt felt han møter! Eivind Henriksen er nok favoritt til å vinne, etter 77.94m i år og sølvvinnar frå OL i fjor. Men det både finnar og svenskar som vil ta opp kampen, og Thomas er ein av outsidarane til plassering høgt oppe på lista. Då må han nok auke årsbeste noko, som per no er 73.41 m. Dei 6 beste får bonuspoeng i tillegg til pengepremiar.
Du kan følgje stevnet (liveresultat) via linken
, eller sjå tv-sending på NRK kl 19.30.
I går konkurrerte Håkon Hjelle Roset (22) i slegge under eit stevne i Sverige, og kasta 53.89m, noko bak årsbeste og pers på 56.59m. Han har hatt litt trøbbel med ein ankel, som nok forklarar at han denne dagan var litt bak sitt vanlege nivå.
]]>Eivind Henriksen tok som kjent OL-sølv i Tokyo med norsk rekord 81.58m. I dag viste han solid form, og fekk opp heile 77.93m i 5.omg. Dette er også banerekord på loggane. Med totalt 4 kast over 76m går han nok ein stor sesong i møte. Med resultatet i dag er Eivind oppe på 8.plass på verdsstatestikken denne sesongen.
Dette er nok den sterkaste konkurransen med to norske kastarar nokon sinne, og det blir spanande å sjå kva treningskameratane kan få til utover sesongen. Ingen tvil om at dei vil pushe kvarandre til enno betre lengder. Henrksen er alt klar for VM i USA og EM i Munchen seinare i sommar, og vi håpar at kanskje Thomas klarar å kvalle til eit av mesterskapa. Direktekrav til VM er 77.5m, EM er 77m.
Eivind Henriksen og Thomas Mardal, treningskameratar og dei to klart beste sleggekastarane i Norge. Foto: Nils Ove Roset
]]>Nordisk innendørskamp – Sverige-Finland-Norge-Danmark/Island (nordenkampen.se)
]]>