Årsmøte 2018 - Heider til trufaste friidrettsleiarar !
Postet av Gloppen Friidrettslag den 14. Mar 2018

Gloppen Fil avvikla årsmøte i går i SFE sine lokaler i Bukta. Ordføraren var på plass og delte ut gåver til avtroppande styremedlemer Else Løkke og Ragnar Eimhjellen og hadde mange gode ord om kor mykje det frivilleg arbeidet hadde å bety for lokalsamfunnet. Tre nye styremedlemer vart valgt inn; Liv Randi Teige frå IL Brodd, Robert Andre Moldestad, aktives representant og Økonomileiar vart Olav Holvik.
Ragnar Eimhjellen takka av i GFIL styret etter ei årrekke med forskjellige verv i friidretten. Han har både ei aktiv/trenar og leiarkarriere bak seg som er svært lang og innhaldsrik. Ragnar sitt bidrag i styret har vore mangfaldig og svært viktig for utviklinga av klubben. Vi er han stor takk skuldig.
Aktiv idrett:
På junior og senior nivå jamnt bra krinsnivå i fleire øvingar; 110 m hk, 100m, lengde (6,66m), 200m,400m.
Som veteran delteke på Fj/v sitt veteranlag i stafett på ei rekkje lokale/regionale terrengstafettar på 1980-talet.
Frå 1994 og utover; Fleire gullmedaljar i veteran-NM i lengde, tresteg og 1000m stafett, gode plasseringar også på 200m og 400m. Delteke på GFIL sitt veteranlag i mange år på Breimstafetten og Holmenkollstafetten.
Trenar for enkeltutøvarar og grupper i fleire år
Administrativt : GFIL sin første leiar etter skipinga i 1990 og og var leiar fram til 1997. Styremedlem t.o.m. 2017. Styremedlem i friidrettsgruppa i STIL Styremedlem og nestleiar i Sogn og Fjordane Friidrettskrins i 2 periodar Sentralstyremedlem i Norges Friidrettsforbund i 3 periodar (6 år) Leiar i det s.k. Integreringsutvalet i forbundet i 2 år (intergrering av funksjonshemma i friidretten på krins-og klubbnivå)
Else Løkke takka også av etter ei årrekke i GFIL styret. Ho kom inn i friidretten i 2000 som kasserar i klubben. Det vart eit langt opphald først som kasserar nokre år dernest som økonomiansvarleg. Heile 18 år i GFIL styret er imponerande. Vi har hatt stor glede av Else sin nøyaktighet og gode kontroll på økonomien. Det har vore eit flott samarbeid som vi alle kjeme til å sakne.
Årsmøtet føregjekk i rolege former med gjennomgang av aktivitet både sportsleg, økonomisk samt planer for 2018.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Gloppen Friidrettslag

GFIL har avvikla årsmøte
19.03.2023

UM i Trondheim starta i dag!
12.08.2022