Idrettsplassen - støttebrev frå klubbar i Indre Nordfjord
Postet av Gloppen Friidrettslag den 29. Okt 2019
Gloppen kommune v/ordførar
Sak : Opprusting av idrettsplassen på Sandane.
Vi er kjende med dei planane ei eiga prosjektgruppe har lagt fram når det gjeld opprusting av m.a. friidrettsanlegget på Sandane. Klubbane i Indre Nordfjord vil herved støtte desse planane fullt ut og i dette brevet peike på kor viktig ei snarleg realisering av desse planane er ikkje berre for Gloppen, men for heile friidrettsmiljøet i Nordfjord og i Sogn og Fjordane.
Dei svært aktive klubbane i nærområdet ; Sandane, Fjellhug/Vereide, Brodd og overbygningsklubben GFIL treng eit treningsanlegg og eit anlegg for «mindre» konkurransar i friidrett. Like ved anlegget har vi dessutan barneskule, ungdomsskule og Firda vidaregåande skule. Firda har idrettline der friidretten er ein sentral satsingsidrett. Anlegget ligg derfor midt i smørauget og vil ved modernisering kunne få ein veldig høg bruksfrekvens. Opprusting er derfor svært viktig både for rekruttering og for vidareutvikling av utøvarar.
Friidretten i Gloppen har vore og er eit fyrtårn for heile Sogn og Fjordane. Olden, Stryn og Vikane har eit nært samarbeid med GFIL og heile friidrettsmiljøet i kommuna. Vi har gjennom fleire år sendt våre utøvarar på treningar på Byrkjelo, på Sandane og på Loggane og har nytt godt av den store friidrettskompetansen som finst i Gloppen. Våre utøvarar har og fått lov å delta på treningssamlingar i utlandet organiserte av GFIL. Eg vil seie det så sterkt at utan den kompetansen som finst i Gloppen og utan den samarbeidsviljen leiarar og trenarar i kommuna har vist, hadde vi ikkje nådd dei topp nasjonale og til dels internasjonale resultata vi no kan vise til
For alle som arbeider med friidrett er tenlege anlegg i nærområdet heilt sentralt. I idrettslaga i Gloppen finst det leiarar og trenarar som har stått på i veldig mange år, og som nemnt har desse vore flinke til å samarbeide med og dele kunnskapen sin med oss som representerer små lag og ikkje alltid har den kompetansen som trengst for å utvikle utøvarar til eit høgt nivå. Vi forstår veldig godt den frustrasjonen som breiar seg når Sandane pr. i dag ikkje har dei treningsfasilitetane utandørs som er nødvendige for å halde ved like og vidareutvikle friidretten i Gloppen.
Vi «inn i fjorda» håpar derfor at Gloppen kommune set av midlar til prosjektet i den kommunale økonomiplanen som etter det vi forstår skal vedtakast no i haust. Det fortenar verkeleg det gode, framtidsretta og samarbeidsviljuge friidrettsmijøet i Gloppen.
Mvh
Hans-Petter Galtung Leiv Arne Egset Jarle Lødemel
(trenar friidrett i Olden IL) (leiar i Olden IL) (leiar av friidrettsgr. og
trenar i Stryn T&IL)
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Gloppen Friidrettslag

GFIL har avvikla årsmøte
19.03.2023

UM i Trondheim starta i dag!
12.08.2022