Vellukka klubbkveld i STIL stova - GFIL sertifisert som Rent Idrettslag
Postet av Gloppen Friidrettslag den 5. Feb 2020
Tysdag 4 februar hadde Gloppen Fil klubbkveld i Stilstova med over 30 frammøtte aktive, foreldre, trenarar og leiarar. Antidoping Norge sitt Rent Idrettslag program var hovedtema for kvelden. Det vart arbeidd i grupper med ulike tema og problemstillinger innanfor antidopingarbeidet, gruppesvara vart gjennomgått i plenum til slutt. Gloppen Fil kjem i tida framover til å synleggjere at vi driv aktivt forebyggande antidopingarbeid. Første tiltaket som skal gjennomførast er at samtlege aktive utøvarar som trenar i våre treningsgrupper f.o.m 15 år skal gjennomføre Ren Utøver programmet. Veldig kjekt å bli sertifisert som Rent Idrettslag(varer i 2 år så skal vi gjennom ny runde)
Vi gjekk så gjennom all informasjon om treningsleiren i Portugal og Gloppen Hotell leverte supergod Pizza til kveldsmat. Ein fin kveld.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Gloppen Friidrettslag

GFIL har avvikla årsmøte
19.03.2023

UM i Trondheim starta i dag!
12.08.2022