Magnus Rygg Storsletten, Hyen IL med krinsaldersrekord i slegge G16 - 5kg
Postet av Gloppen Friidrettslag den 30. Mai 2016
Loggane Open søndag
Ny aldersrekorden i klasse G 16 lyder på 59,03 og er også årbeste for klassen i Norge i år. Den gamle rekorden tilhøyrde Thomas Mardal, STIL og var på 57,68. Resultatet er knappe fire meter frå kravet til U 18 EM. GFIL gratulerer den nye rekordhaldaren! Magnus har lenge vore ein svært lovande sleggekastar og har hatt jamn framgang kvar sesong. Trenar og Mentor Jørgen Holme var særs nøgd med eleven.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Gloppen Friidrettslag

GFIL har avvikla årsmøte
19.03.2023

UM i Trondheim starta i dag!
12.08.2022