Nasjonal kastmønstring og jr.landslagssamling kast i Gloppen denne helgja, Thomas Mardal gjer årsdebut!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 9. Mai 2024

Det er blitt ein tradisjon at jr.landslaget i kast legg vårsamlinga til Gloppen. Alle øvingskategoriane (slegge, diskos, kule og spyd) er samla for trening og konkurransar. Det kjem utøvarar frå heile landet, der fleire gjer sin årsdebut i kastringen.

Ein av desse er Thomas Mardal, Gloppen FIL. Han hadde ein svært god fjorårssesong, med NM-gull, VM-deltaking og ny pers og krinsrekord med 77.97m.  Etter litt trøbbel med ein strekk i eit lår, er han no klar for å gjere debut denne sesongen. Han har måtte legge inn ekstra grunntrening etter skadeperioden, og er derfor enno ikkje i form. Men det kjem ein viktig periode no i mai, der han bl.a. skal delta på nordisk meisterskap i Malmø neste helg, og så på Trond Mohn Games i Bergen den 22.mai. Så kjem EM i Roma i byrjinga av juni, då skal han forhåpentlegvis vere i form. 

Nasjonal kastmønstring startar på Byrkjelo kl 15 på fredag. Det blir spanande å sjå om Thomas kan kaste like langt som i fjor under tilsvarande konk.helg. Då åpna han sesongen med kast på 74.42m og 74.73m. Slegge, diskos og kule står på øvingsprogrammet under kastmønstringa på Byrkjelo.

Tiril Fuglestrand (16) skal kaste spyd under kastmønstringa og stiller i klasse U18. Spydkonkurransen på Byrkjelo startar kl 13 laurdag. Ho gjorde eit flott UM i fjor haust, der ho tok bronse i denne øvinga. Ho skal kaste med 500gr-spydet, og persen frå i fjor på 34.35m kan absolutt bli slått her.

Søndag vert det arrangert 1.runde av Loggane Open, der konkurransane startar alt kl 10.00. Mange av landslagskastarane blir nok med også her. 



Flott sesongdebut av Thomas på heimebane: 74.73m og 74.42m!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 21. Mai 2023

Thomas Mardal åpna utandørssesongen i Norge denne helgja, under nasjonal kastmønstring. I midten av mars tok han ein sterk 2.plass under European Winther Throwing Cup i Portugal. Han har trena godt sidan den tid, og tida framover blir viktig mtp å oppnå gode resultat for kvalifisering til VM i Budapest i august.

Fredag 19.mai var det sleggekonkurranse på Loggane Stadion på Rygg. Litt smårusk reint teknisk, men likevel sesongbeste med 74.42m. Han hadde berre ein konkurranse i fjor der han kasta lenger.

Søndag 21.mai var det ny konkurranse på same arena, under Loggane Open. I dag sat teknikken mykje betre, men han hadde ikkje same trøkket i kroppen. Men nok ein sesongbeste, denne gongen 74.73m. Han hadde to kast over 74m og ein serie på 5 kast med snittlengde på over 73.5m, så det lovar svært godt for ein god sesong. Han plasserar seg på rundt 20.plass på verdsstatistikken, og det er kort veg oppover lista.

Thomas har no framover fleire viktige konkurransar. Laurdag 3.juni skal han kaste under Trond Mohn Games på Fana stadion i Bergen. Dette stevnet har fått silver-status frå det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF), noko som gjev godt med rankingpoeng. Her møter han eit sterkt felt, med dei beste frå norden i tillegg til bl.a Halaz frå Ungarn, som tok medlaje i EM sist sommar.

15.juni er han klar for Bislett Games! Her møter han 6 av di beste sleggekastarane i verda, og han håpar nok å tukte persen på 76.74m framfor fulle Bislett-tribuner. Då er det ikkje langt opp til direkte kvallik-kravet til VM på 78m.

Mathias Reksten Dale har slite med både rygg og sjukdom siste tida, men var i aksjon i kuleringen i dag. Desverre var ikkje teknikk og kropp heilt på lag, så det vart ikkje teljande resultat denne gongen.

Steffen Melheim frå Olden sette flott pers i diskos (2kg) med 55,01m, og ermed over kravet til U23-EM seinare i sommar! 



Jr.landslagssamling kast og nasjonal sesongåpning i Gloppen denne helgja!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 16. Mai 2023

Thomas Mardal sesongåpnar på heimebane på Loggane fredag 19/5, det same gjer store delar av den norske jr.eliten i kule, diskos og slegge.

 

Denne langhelga er det norske junior-landslaget i kast samla i Gloppen, og det vert arrangert nasjonal kastmønstring i slegge, diskos, kule og spyd. 

Mest spaning knyter det seg sjølvsagt til kva vår eigen Thomas Mardal (GFIL) kan prestere i slegge. Han vil kaste både fredag og søndag, begge konkurransane på Loggane. Med pers på 76.74m, sølvmedalje under European Throwing cup i Portugal i mars og senior-VM debut i fjor, så er det knytt stor spaning til kva han klarar denne sesongen. Eit nytt VM står for tur denne sommaren i Budapest, Ungarn, der det direkte kval.kravet er 78m. Han kan også kvalifisere seg via ranking, så konkurransane framover vil gje verdifulle poeng. No har du moglegheiten til å sjå topp internasjonal kasting på nært hald, så møt opp på Loggane komande fredag kl 14!

Mathias Reksten Dale vil konkurrere i kule, i tillegg til å delta på jr.landslagssamlinga. Testar viser at han no er stabil på 16m+, så vi kan håpe på lange støt alt denne helga.

Grunnen til at jr.landslaget legg vårsamlinga til Gloppen er nok kombinasjonen av gode treningsfasilitetar på Loggane og Byrkjelo stadion, og vektrom i Trivselshallen. I tillegg er vår eigen trenar, Jørund Årdal, sentral i trenar-apparatet til landslaget.

Kastmønstringa vil vere dei fyrste konkurransane i Norge denne sesongen som er gyldige kvallik-konkurransar til dei internasjonale Ungdoms- og jr.meisterskapa som kjem i sommar.

Følgjande konkurransar vil bli arrangert i regi GFIL og jr.landslaget:

Byrkjelo stadion torsdag 18/5, frå 17.00: diskos og kule, fredag 19/5: spyd kl 15

Loggane stadion (Rygg)  fredag 19/5, frå kl.14: slegge (m/Thomas)

                                           søndag 21/5, frå kl 10: kule, diskos og slegge (Loggane Open)


Følgjande utøvarar vert det særleg spennande å følge desse konkurransedagane, då dei ligg godt an til å ta krava til ulike aldersbestemte mesterskap:

Ungdoms-OL(EYOF) U18:

Jacob Sederholm Hoff, Stjørdal kule, har 18,03 m, krav 17,35

Helene Ramslien, AKS-77, diskos, har 46,99 m, krav 42,00. Kule , har 15,19, krav 14,90


EM U20:

Håkon Hansesæter, Aremark, diskos,har 55,58, krav 54,00

Henrik Vesterlid, Hatfjelldal, kule, har 17,35, krav 17,75

Øystein Hytten, Tønsberg, slegge har 64,88, krav 67,00


EM U23:

Steffen Melheim, Olden, har 52,93, krav 54,50

Mariell Morken, Voss, har 13,87, krav 14,50


VM senior:

Thomas Mardal, GFIL, har 76,74, krav 78,00 eller ranking

Vi håpar mange tek turen til Loggane på Rygg og Byrkjelo stadion for å støtte og heie på både lokale håp og resten av jr.landslaget i kast.



GFIL har avvikla årsmøte

Postet av Gloppen Friidrettslag den 19. Mar 2023

Klubben hadde årsmøte onsdag 15 mars på SFE kantina i Bukta. Det vart framlagt ei fyldig årsmelding som spegla eit lag med breidt engasjement. Alt frå folkehelsetiltak, via anleggutvikling, breiddeidrett og toppidrett. Det er eit velfungerande lag der kontinuitet i styret har bidratt til god utvikling over mange år. Utfordringane framover blir å passe på at friidretten beheld sin posisjon og etterkvart tar tilbake dei "markedsandelane" vi hadde. Det kan ikkje stikkast under ein stol at vi har blitt adskilleg ferre friidrettsutøvarar i Gloppen enn for berre 5-6 år sidan. Stikkord for dette er at moderlaga tar meir tak i rekrutteringsarbeidet og innsatsen må settast inn på 12 år og oppover. Så må GFIL få gjennomslag for større fellestreningar på tvers av idrettane gjennom vinterhalvåret. Dette vil gjere oss betre i stand til å profilere grunntrening som inngangsporten til å få framgang i idrett. Klubben har brukt 8 lange år på å få rehabilitert løpedekket i hallen og fått opp å gå eit skikkeleg vektrom. Heilt nødvendig om friidretten skulle ha ein sjanse til å overleve. Når Idrettsplassen på Sandane er bygd kan barn, ungdom og vaksne ha eit anlegg for trening , trim og konkurranse slik anlegget alltid har meint å vere. 

Styret la fram eit rekneskap med underskot på litt over 20 000,- og alle var komfortable med dette og såg draktinvisteringane som ein medverkande faktor til underskotet. Ei rykande fersk lagsavis vart også presentert . Desverre er avisa i seg sjølv eit minusforetak, men den genererer mykje positivitet og er avgjerande for å behalde posisjonane i sponsormarkedet. Sittande styre tok gjenvalg og går ny sesong i møte. Årsmeldinga er lagt ut på nettsida. GFIL vil takke alle som har bidratt gjennom året og vi gledar oss over å drive idrett.