Nasjonal kastmønstring og jr.landslagssamling kast i Gloppen denne helgja, Thomas Mardal gjer årsdebut!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 9. Mai 2024

Det er blitt ein tradisjon at jr.landslaget i kast legg vårsamlinga til Gloppen. Alle øvingskategoriane (slegge, diskos, kule og spyd) er samla for trening og konkurransar. Det kjem utøvarar frå heile landet, der fleire gjer sin årsdebut i kastringen.

Ein av desse er Thomas Mardal, Gloppen FIL. Han hadde ein svært god fjorårssesong, med NM-gull, VM-deltaking og ny pers og krinsrekord med 77.97m.  Etter litt trøbbel med ein strekk i eit lår, er han no klar for å gjere debut denne sesongen. Han har måtte legge inn ekstra grunntrening etter skadeperioden, og er derfor enno ikkje i form. Men det kjem ein viktig periode no i mai, der han bl.a. skal delta på nordisk meisterskap i Malmø neste helg, og så på Trond Mohn Games i Bergen den 22.mai. Så kjem EM i Roma i byrjinga av juni, då skal han forhåpentlegvis vere i form. 

Nasjonal kastmønstring startar på Byrkjelo kl 15 på fredag. Det blir spanande å sjå om Thomas kan kaste like langt som i fjor under tilsvarande konk.helg. Då åpna han sesongen med kast på 74.42m og 74.73m. Slegge, diskos og kule står på øvingsprogrammet under kastmønstringa på Byrkjelo.

Tiril Fuglestrand (16) skal kaste spyd under kastmønstringa og stiller i klasse U18. Spydkonkurransen på Byrkjelo startar kl 13 laurdag. Ho gjorde eit flott UM i fjor haust, der ho tok bronse i denne øvinga. Ho skal kaste med 500gr-spydet, og persen frå i fjor på 34.35m kan absolutt bli slått her.

Søndag vert det arrangert 1.runde av Loggane Open, der konkurransane startar alt kl 10.00. Mange av landslagskastarane blir nok med også her. 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.