Thomas Mardal nordisk meister i slegge!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 18. Mai 2024

I kveld vart Thomas nordisk meister i slegge, med resultatet 76.02 som er årsbeste. Han fekk opp lengstekastet alt i 1.omgang. På førehand var kanskje svenske Carlsson ein liten favoritt, med årsbeste på heile 77.57, og nr.10 på verd-sstatistikken. Men i dag måtte han nøye seg med 74.79 og sølv.


Det skal leggast til at Thomas ikkje hadde den beste oppladninga, då han måtte opp kl 05, for å ta fly til København og bil til Malmø. Når konkurransen i tillegg besto av heile 13 kastarar, vart det ein lang dag og kveld. Han har nok endå lengre kast inne, og alt komande onsdag er det ny konkurranse, Trond Mohn Games på Fana Stadion i Bergen.

Sigeren i dag gav gode rankingpoeng til OL-kvalliken, han treng berre nokre få gode resultat til, så skulle han ligge godt an. 

GFIL gratulerer den nybakte nordiske meisteren, og ynskjer han lukke til i Bergen!



God sesongåpning av Thomas; 75.76m på nasjonal kastmønstring på Byrkjelo!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 10. Mai 2024

Thomas Mardal gjorde sin årsdebut i dag på Byrkjelo Stadion, under nasjonal kastmønstring. Det gjorde han på strålande vis, og fekk opp eit kast på 75.76m i 4.omgang. Han hadde ellers 75.39, 74.98 og 73.82, og to ugyldige kast. Ein flott serie i sesongåpninga, og han var sjølv litt overraska over at det gjekk så langt. Han har lagt inn ein seinare formtopp til EM, så lengre kast kjem nok utover sesongen. 

Ein godt nøgd GFIL-utøvar etter sesongåpninga på Byrkjelo!

Resultatet plasserar han på ein 23.plass i verda i øvinga per no. Han vil truleg kunne forbetre denne posisjonen ein god del utover sesongen. 32 utøvarar skal kjempe om OL-plass i Paris.

Alt neste helg står neste konkurranse for døra: Nordisk meisterskap i Malmø, der han laurdag kveld møter knallhard konkurranse med heile tre andre utøvarar som var VM-deltakarar sist sommar. Kastar han som i dag, er det godt håp om at han kan kjempe om medalje under meisterskapen.

GFIL gratulerer Thomas med flott sesongåpning!



Nasjonal kastmønstring og jr.landslagssamling kast i Gloppen denne helgja, Thomas Mardal gjer årsdebut!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 9. Mai 2024

Det er blitt ein tradisjon at jr.landslaget i kast legg vårsamlinga til Gloppen. Alle øvingskategoriane (slegge, diskos, kule og spyd) er samla for trening og konkurransar. Det kjem utøvarar frå heile landet, der fleire gjer sin årsdebut i kastringen.

Ein av desse er Thomas Mardal, Gloppen FIL. Han hadde ein svært god fjorårssesong, med NM-gull, VM-deltaking og ny pers og krinsrekord med 77.97m.  Etter litt trøbbel med ein strekk i eit lår, er han no klar for å gjere debut denne sesongen. Han har måtte legge inn ekstra grunntrening etter skadeperioden, og er derfor enno ikkje i form. Men det kjem ein viktig periode no i mai, der han bl.a. skal delta på nordisk meisterskap i Malmø neste helg, og så på Trond Mohn Games i Bergen den 22.mai. Så kjem EM i Roma i byrjinga av juni, då skal han forhåpentlegvis vere i form. 

Nasjonal kastmønstring startar på Byrkjelo kl 15 på fredag. Det blir spanande å sjå om Thomas kan kaste like langt som i fjor under tilsvarande konk.helg. Då åpna han sesongen med kast på 74.42m og 74.73m. Slegge, diskos og kule står på øvingsprogrammet under kastmønstringa på Byrkjelo.

Tiril Fuglestrand (16) skal kaste spyd under kastmønstringa og stiller i klasse U18. Spydkonkurransen på Byrkjelo startar kl 13 laurdag. Ho gjorde eit flott UM i fjor haust, der ho tok bronse i denne øvinga. Ho skal kaste med 500gr-spydet, og persen frå i fjor på 34.35m kan absolutt bli slått her.

Søndag vert det arrangert 1.runde av Loggane Open, der konkurransane startar alt kl 10.00. Mange av landslagskastarane blir nok med også her.